4. plass på 500-meteren
Bøkko-syskena fekk ein 4. plass og ein 5. plass på 500-meter under EM på skøyter i Russland.
EM og 500 meter i allround sørga for ein 4. plass til Hege Bøkko og ein 5. plass til broren Håvard.
Jentene
Norske Ida Njåtun sikra seg ein overraskande og sterk andreplass på 500-meteren i allround-EM på skøyter laurdag. Nederlandske Ireen Wüst vann distansen med 39,24. Tredjeplassen gjekk til russiske Julija Skokova med 39,72. Hege Bøkko sikra seg ein fin 4. plass. I det siste paret gjekk ho inn til parsiger med 39,89 og sikra fjerdeplassen på sprinten.
Artikkelen held fram under annonsen.
Gutane
Håvard Bøkko gjekk ein godkjend 500 meter laurdag og enda på ein 5. plass. Han vart beste nordmann. Nederlendaren Koen Verweij tok sigeren med 36,20. Svenske David Andersson, som gjekk i par med Bøkko, tok andreplassen med 36,27. Tredjeplassen gjekk til polakken Jan Szymanski med 36,47.
5000 meter
Sverre Lunde Pedersen fekk 3.-plassen på 5000 meter. Sven Kramer frå Nederland vant framfor landsmannen Wouter Olde Heuvel. Håvard Bøkko vart til slutt nummer ni.