1100 skiskyttarar er i gang på Liatoppen
Det står ikkje på rekrutteringa til skiskyttarsporten i Hallingdal. Berre Ål og Geilo stiller med til saman kring 60 løparar under helgas skiskyttarfestival på Liatoppen.
Bama Liatoppen Skiskyttarfestival er sesongens store høgdepunkt for mange unge skiskyttartalent. Dei 1100 plassane til årets utgåve vart rive vekk på ikkje mindre enn 32 sekund.
Nesten i mål
Fredag opna festivalen med stafettar for 11–12 og 13–16 år, for både jenter, gutar og mixlag. Geilo IL stiller med kring 17–18 løparar i år. Fyrst ut i stafetten var Erik Espeli (13), Eskil Herheim (13) og Sondre Slettemark (14). Gutane låg på 16.-plass etter sitt heat, men enda på 24.-plass då alle laga i dei to siste heata hadde fullført. Dei to laga frå Ål skiskyttarlag enda på 36.- og 37.-plass i same årsklasse.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Er de fornøgde?
– Me hadde mål om å skyte 30 og gå fort på ski. Det greidde me nesten. Me skaut 29 og gjekk fort på ski. Det får me seie er greitt, smiler trioen etter fyrste heat.
Følg festivalen direkte heile helga:
«Treff, treff, treff»
Spennet i både alder og høgde gjer 13–16 år til ei utfordrande årsklasse å konkurrere i. Dessutan er det ikkje akkurat manko på engasjert publikum og TV-kamera langs løypa. Men det skal meir til for å vippe geilingane av pinnen.
– Det einaste eg greier å fokusere på er at eg skal gå fort på ski. Det spelar nesten inga rolle kva folk ropar frå sidelinja, for eg får det ikkje med meg. Det er ikkje det at eg blokkar det ut med vilje, det berre blir slik, seier Sondre Slettemark.
14-åringen deltek på skiskyttarfestivalen for fyrste gong i år.
– Eg har gått mykje på ski på Liatoppen før, men eg har ikkje delteke på skiskyttarfestivalen. Det er kjempemoro å vera med, seier han.
Geilingane er einige om at dei nok føretrekker enkeltstart og individuelle renn framfor fellesstart og stafett.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Når ein går stafett går ein ikkje berre for seg sjølv, men for to andre også. Det er moro, men ein kjenner litt meir på presset, meiner dei.
Laurdag og sundag er det individuelle renn for alle årsklassar.
– Eg synest fellesstart er det vanskelegaste. Då skyt alle på likt. Eg blir stressa når eg høyrer dei andre skyte, og høyrer «treff, treff, treff». Somme er også veldig gode på ski, og går ifrå med ein gong. Så prøver ein å gå etter, blir stressa og skyt dårleg, seier Sondre.
Ære og krefter
– Kor hardt satsar de?
– Når me går på ski, liksom? Me satsar alt, seier gutane i kor.
– Ære og krefter. Neidå. Jaudå, det gjer me. Ein går så fort ein kan, legg Eskil til.