Nes formannskap i lett jogg. Frå venstre Erik Nässelquist (H), ordførar Knut Bremer (V), Per Vissebråten (Ap), Arne Mathismoen (KrF) og Dag Smestad (A).
Nes formannskap i lett jogg. Frå venstre Erik Nässelquist (H), ordførar Knut Bremer (V), Per Vissebråten (Ap), Arne Mathismoen (KrF) og Dag Smestad (A).

Sprekingar

Nesbyen; 9. juni 1983

Sprekingar: «Aj, aj, aj. Formannskapet i Nes i lett, fin jogg på det nye sentralidrettsanlegget i Nesbyen. Høvet er kommunestyremøtet torsdag, som vart innleidd med synfaring rundt i bygda.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei folkevalde såg seg rundt i Rukkedalen, synfôr Gudbrandsrudvegen, Espesetvegen, Rukkedalen skule, og drakk kaffi hjå den ferske u-hjelpsminister Reidun Brusletten.

Vidare såg kommunestyret på Eidalkrysset, Storetoppen hoppbakke og avslutta synfaringa på sentralidrettsanlegget. Her er det no gjort alt førebuande arbeid som skal til før legginga av sjølve toppdekket. Dette er eit 14 mm tjukt kunststofflag som skal leggjast oppå oljegrusen, som er vinkla, oppretta og vatra etter alle kunstens reglar. I slutten av juli er det så klart for det første friidrettsstemnet på den første kunststoffbanen i Hallingdal. Til denne høyrer også ny fotballbane med grasdekke, men denne blir neppe klar til kamp dette året, får Hallingdølen opplyst. (Hallingdølen 11. juni 1983).

Ved dette høvet tok altså formannskapet seg ein liten joggerunde til ære for pressa, som den tid talte Hallingdølen, Fremtiden og Drammens Tidende.

Som kjent var Wenche Sundt Gullingsrud ei av drivkreftene bak friidrettsanlegget, som vart opna seinare same sommaren. Gullingsrud var då leiar i Nesbyen IL, og kom med det overraskande og dristige forslaget at Nesbyen måtte arbeide for å få NM i friidrett til bygda. Det skjedde i 1987 og Gullingsrud var då formann i arrangementskomiteen.

Men i 1983, då sentralidrettsanlegget var i ferd med å bli ferdigstilt, var det desse fem karane som rådde banen.