Ingeborg Gjærum og Anders Larsen har tatt med sonen Eimund Gjærum (10). Dette var Eimund sin første gong på Skarverennet.

Vart det tidenes beste? Sjå biletserie frå Skarverennet her!

Steikande sol, vindstille og snødekte fjell. Skarverennet vart ein draumedag for folket.

Tusenvis av skiglade folk tok seg gjennom den 37 kilometer lange løypa frå Finse til Ustaoset laurdag. Langs foten av Hallingskarvet og med skyblå himmel over seg. I konkurranseklassane var det Pål Golberg og Ingvild Flugstad Østberg som gjekk heilt til topps.

Les også
Slik jobbar dei på den store dagen: – Me har plastra nokre heftige skrubbsår

Men for dei aller fleste andre dreidde det seg neppe om å kome først over målstreken. I strålande sol kunne totalt 9200 deltakarar nyte det tradisjonsrike skirennet på sitt aller beste. Ved målområdet på Utsaoset koke stemninga etter kvart som folk spente av seg skia. Med lukt av grillmat og musikk som ljoma over anlegget, låg alt til rette for å feire fullført renn på best mogeleg vis.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjå biletserie frå dagen her: