– Når dei står med handa på pistolen og ber deg kome opp i båten, så skjønar du at det er alvor.

Spesialist på venstresvingar

Håvard Bøkko har vore halve livet på skøytelandslaget.

Håvard Bøkko har 207 verdscupstartar, 46 meisterskap, OL- og VM-gull. Men han har framleis ikkje godkjent karakter i gym.

- Det stemmer det. Eg var så mykje borte at eg stod berre i samfunnskunnskap og andreklasse biologi på vidaregåande. Så det er vel berre å gratulere gymlæraren som strauk meg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den ferske skøytepensjonisten ler litt av historia. Ho fortel litt om den jobben han har lagt ned for å halde seg i toppen av internasjonal skøytesport gjennom 16 år på landslaget. For knappe to veker sidan gjekk han sitt siste løp, i det som har vorte skildra som eit perfekt karrierepunktum. For fulle tribunar på heimebanen i Vikingskipet, gjekk han allround-VM og avslutta på 1500-meter, distansen han vart verdsmeister på i 2011.

Då han takka publikum var det etter eit halvt liv på skøytelandslaget. 33-åringen har ikkje skapt dei største utanomsportslege overskriftene. Men han har ei merittliste som få kan matche. På lista står VM- og OL-gull, ni VM-medaljar, seks EM-medaljar og 39 NM-gull. Den fyrste medaljen tok han i EM på Hamar i 2006, den siste på lagtempo i 2019.

- Eg har det fint no, har landa litt meir. Men det sprakk for meg litt den sundagen. Eg kjende det på oppvarming at det var ein spesiell dag. Det var spesielt å sjå alle som gret og klappa på tribunen, og då eg møtte Edel (Therese Høiseth, trenar, red.merk.), etter mål sprakk det litt.

Bøkko var barnetalentet, som tok teknikken fortare enn dei fleste, og som raskt vart av dei beste i landet. Frå han var liten imponerte han mange på skøytebanen.

- Nokon likar ikkje ordet talent, og meiner ein er eit treningsprodukt. Men skøyter er så teknisk, og det handlar om å ta teknikken fort. Anten tek du det fort elles slit du i mange år. Eg knekte fort koden om at det handlar om å kome seg oppå skøytene. Me var ein fin gjeng i Hol, som hadde det veldig kjekt på trening og reiste rundt på løp i lag.

Han kan sjå tilbake på ein karriere som skaut fart for alvor då han møtte amerikanske Peter Mueller, som trente det norske landslaget. Ein vinterdag i 2004 hadde 17 år gamle Håvard nett kome heim frå skulen på Gol då telefonen ringde med spørsmål om han ville ta turen ned att.

- Eg og Christoffer (Fagerli Rukke red.merk.) fekk tilbod om å vere med på ei øykt med landslaget som var på samling på Gol. Etter det var det samling i klubbhuset, og i intervju med Hallingdølen sa Peter til meg at «du skal på landslaget neste år». Eg trudde det var juniorlandslaget, men frå mai året etter var eg på laget.

- Kva betydde det for deg?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg vart kasta raskare til ulvane, og fekk prøve meg tidleg i verdscup. Frå dag éin hadde eg eit bra samarbeid med Peter og dei andre løparane. Han var reservepappa frå 2004 til 2010. Me hadde eit nært forhold, både som trenar og utøvar og som kompisar. Sjølv om han var på alder med pappa var han mentalt like gammal som meg.

Håvard Bøkko

33 år

Hovet/Geilo

Fersk skøytepensjonist etter 16 år på landslaget.

Fem kjappe:

Sist lesne bok?

– Eg les ikkje mykje, men har nett lest boka om Aksel Lund Svindal, og så har eg starta på «Hyttebok frå helvete« av Are Kalvø.

Favorittprogram/serie?

– «Game of Thrones» har vore favoritten, men no er det ferdig, så då er det «71 grader Nord» og «Gutta på tur». Eg kan ikkje seie «Farmen», for då blir Hege litt for fornøgd.

Favorittmusikk?

– Alt mogleg, eg kan høyre på Tix og Celine Dion i løpet av same halvtimen. Men Hellbillies er ein favoritt, og anna musikk i den sjangeren.

Favorittmat?

– Pizza. Det er ganske jamt mellom pizza og taco, men pizza er hakket over.

Perle i Hallingdal?

– Hallingskarvet, når ein går det på langs. Eg har tatt nattoget til Finse nokre gonger, og gått Skarvet på langs ned til Havsdalen. Det tek heile dagen, og er ein utruleg fin tur på rette dagen.

Ei tid peikte alle pilene oppover. Håvard var den nye, store skøyteløparen, frontfiguren på eit ungt, norsk lag, med amerikanaren som trenar. Hausten 2009, tre månader før OL i Vancouver, small bomba. Müller hadde kome med kommentarar som var langt over streken som landslagstrenar, og måtte gå omtrent på dagen. Tilbake sat eit splitta skøytenorge, og ein elev som nesten dagleg måtte svare for journalistane.

- Det var ei kaostid som tok mykje energi. Eg fekk trent og budd meg som eg skulle, men det var slitsamt med noko som stal fokus utanom. Etter nesten kvar trening stod det journalistar og ville ha nye kommentarar. Og nesten kvar dag var det nye fjes framme i media som skulle meine meir en han som var der dagen før. Mange av oss løparane meinte det vart blåst opp i overkant mykje, sjølv om det var ei alvorleg sak.

Då Bøkko tok sin fyrste OL-medalje, på 1500-meteren i Vancouver, var det med Peter Müeller på tribunen. Amerikanaren var ikkje akkreditert og fekk ikkje vere ein del av det sportslege.

- Eg trur resultatet av den saka hadde vorte det same om det hadde skjedd i dag, men kanskje det hadde vorte handtert litt annleis av både dei involverte, forbundet og media. Det var ei av dei fyrste sakene av den typen, og det var ein veldig spesiell situasjon som var umogleg å løyse så det vart bra for alle. Eg har hatt fire ulike landslagstrenarar og eigentleg levert bra under alle, så eg tenkjer ikkje mykje på om utviklinga hadde vorte annleis.

Eit års tid etter OL gjekk dei igjen i samarbeid, gjennom privatlaget Team CBA.

- Privatlaget var ikkje så kaotisk, det var mest ei spennande moglegheit som dukka opp eit år etter OL. Eg angrar ikkje, sjølv om det var heilt nytt i norsk vinteridrett. Men det vart litt støy i kulissane, me veit at det var folk som jobba for at me ikkje skulle få gå verdscup eller meisterskap for Norge.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han har stått i stormane fleire gonger, men alltid så støtt at det ikkje har prega det sportslege.

- Eg trur eg har takla dei greitt. Heile tida har eg hatt gode lagkameratar og gode vener kring meg. Det har vore veldig fint. Når du driv med dette får du vener frå heile verda, og gode vener på laget. Eg hadde nok gitt meg lenge før om eg ikkje hadde det bra på tur.

– Nokre samlingshistorier har du vel på lager?

– Tja, me har ikkje gjort så mykje gale. Me er eigentleg berre seriøse idrettsfolk som vil gjere jobben vår best mogleg. Det er ikkje så mange «showmenn» blant oss. Men ein gong me var i USA hadde me ei langhelg fri. Då reiste eg og nokre lagkompisar innover i landet til ein innsjø, der me køyrde vasskuter. Me las kanskje ikkje reglane så nøye før me køyrde, og vart stoppa av politiet fem gonger på to dagar. Dei var overalt.

– For fart eller ferdsel?

– Alt mogleg. Noko fart, støy i stillesoner og ferdsel på feil plass. Når dei står med handa på pistolen og ber deg kome opp i båten, så skjønar du at det er alvor. Dei var kanskje ikkje så glad i norske skøyteløparar etterpå.

Hausten 2017 tok han pause frå skøytesporten. Kroppen, og særleg kneet, spelte ikkje på lag. For å kome seg såg han ikkje nokon annan veg. Mange trudde han var ferdig som skøyteløpar. Medan landslagskompisane reiste verda rundt på samling og løp, jobba høværingen som håndtlanger for nokre snikkarkompisar. Men utover vinteren kom motivasjonen tilbake i takt med at knesmertene forsvann, han bestemte seg for å satse mot OL i 2018. Men berre nokre veker etter comebacknyheita kom meldinga om at Bøkko hadde brote beinet.

– Kva skjedde?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Hehe… eg skulle ta baklengs salto, som eg har gjort mange gonger før, på golvet på Etterspretten. Eg skjønte med ein gong at eg ikkje ville kome rundt og prøvde å vri meg, men landa skakt. Eg trur ikkje far min var veldig imponert etterpå. Eg var ikkje kjempestolt sjølv heller. Men tenkte at eg skulle bruke det som motivasjon til å jobbe endå hardare mot OL.

Framme i Sør-Korea ramla han på trening og skadde eine beinet. Der og då trudde han at draumen kom til å ryke.

- Eg såg ganske mørkt på det då. Ville ikkje bruke krykkjer fordi det såg så dramatisk ut, men det var så vidt eg krek meg til mathallen for å ete. Det var inga god opplading, det var så vidt eg fekk foten ned i ei skøyte fordi han var hoven.

Men i februar 2018 stod Bøkko øvst på pallen og tok imot OL-gullet mange meinte han hadde fortent. I sitt fjerde OL lukkast han med lagkameratane. Og endeleg slo han Sven Kramer, som er ein av tidenes skøyteløparar i verda.

- Eg er nøgd med det eg har oppnådd. Eg får ikkje gjort noko med at eg gjekk på skøyter i same periode som han. Eg er nøgd med at eg var nummer to bak han mange gonger. Det at han har vore så suveren har også vore motivasjon for meg, det var han eg tenkte på kvar sommar i sesongoppkøyringa. Då me slo Nederland i OL var det nesten som me hadde vunne. Me var så glade då me tok gullet etter finalen mot Sør-Korea at me berre lo.

Sidan han kom heim etter VM har han brukt dagane å nyte vinteren heime.

- Kva skal du finne på framover?

- Sei det. Eg veit ikkje, er det ærlege svaret. Eg har ikkje tenkt så mykje på det, eg må bruke litt tid. Eg har fått nokre tilbod her og der, men ingen eg har slått til på enno.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han håpar på ein lang seinvinter, så han får brukt skiforholda til det fulle dei neste vekene. Og får han is-abstinsar finst det alltids ei råd.

- Eg har kjøpt meg isbor, så eg kan starte med pilking for å bøte på saknet etter skøyteisen.

Håvard Bøkko
Håvard Bøkko
Håvard Bøkko