Sebastian, Kalle og Steffen bur i kollektiv: - Eg synest det er rart at ikkje fleire gjer dette
Alt starta med at nokre gutar i Nesbyen såg seg om etter ei leilegheit dei kunne dele. Flrst fann dei ingen ting.
– Det gjekk vel eit år, så tipsa mamma meg om at det var eit hus som stod tomt, fortel Sebastian Moen. Det er han som ønsker velkommen inn i huset i Høvabakken i Nesbyen.
Sebastian tok kontakt med eigarane. Enden på visa vart at han like godt kjøpte huset, med det kriteriet at nokre hengde med og betalte leige.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg eigde ei leilegheit frå før, så eg skalerte på eit vis opp, smiler han og går inn i den plettfrie stova.
Me anar at gutane har rydda grundig før avisa kjem på besøk.
Billeg for alle
Sebastian var tidlegare eigedomsmeklar, no jobbar han som rådgjevar i bank. Han er den naturlege kasseraren i kollektivet.
– Poenget var at alle skulle få ein billeg stad å bu, og at det er sosialt. Eg laga ein forretningsplan og såg at det kunne bli gunstig for alle, seier han.
Kollektivet starta opp i februar 2021. Det har vore nokre få utskiftingar under vegs, så i dag bur dei tre gutar og to jenter i Høvabakken. Alle er rundt 25 år gamle.
– Sjølv flytta eg inn etter eksamen, nokre veker etter at huset var ferdig pussa opp og gutane hadde flytta inn. Eg budde heime så eg ikkje skulle bli forstyrra, smiler Sebastian Moen.
Alle er i dag single. Det er kanskje difor det fungerer så bra?
Gutane svarar med ein kollektiv latter.
Artikkelen held fram under annonsen.
Alle har jobb, nesten. Unntaket er Steffen Sanden som for tida tek nettstudie i marknadsføring og kommunikasjon.
– Eg flytta inn eit halvår etter at kollektivet vart oppretta, fortel Kalle Munch Haraldset. Han er utdanna grafisk designar.
Størst rom dyrast
Husleiga ligg på mellom tre og fire tusen kroner. Då er internett og straum inkludert. Det skil litt på hundrelappane etter kor stort rom ein har.
– Først budde eg på hybelen nede, men så skulle fyrste jenta flytte inn og eg tenkte at det var best ho budde der nede. Men så kom det ei jente til, fortel Sebastian. Så no er det han som har det minste rommet.
– Å bu nærmast gratis er verdt ein del. Eg har den gunstigaste buprisen så lenge det er fullt hus. Og så er det ein fordel at eg kjenner alle som bur her. Det gir trygge betalarar, smiler han.
Då Kalle ville flytte inn som femtemann, var det eigentleg ingen rom ledige. Då bygde dei like godt eit rom til inst i stova.
– Men no er det ikkje plass til fleire altså, påpeiker Sebastian.
– Eg trur me sparar halvparten og meir på å bu her, seier Steffen. Kalle nikkar.
Artikkelen held fram under annonsen.
– I tillegg generere me ganske mykje pant, fortel Kalle. Av pantepengane kjøper dei inn fellesting som toalettpapir og vaskemiddel.
Gutane fortel at huset hadde interiør frå 70-talet, med rosa bad og grøne vegger. Dei har pussa opp mykje. Bad og kjøkken er nytt. Romma måla opp.
Lite krangling
– Blir det mykje småkrangling?
– Nei, lite. Det er stor takhøgd for å ta opp ting, kjem det unisont.
– Men me er fem ulike personar, så det blir litt diskusjonar sjølvsagt.
– Korleis er det med vasking? Går det på rundgang?
– Me vaskar kvar sundag og rullerer på å ha ansvar for vask av kjøkken, bad, gang og stove.
– Eg må innrømme at det var behov for slike reglar i starten, seier Sebastian. Steffen legg til at dei måtte innføre straff for dei som ikkje gjorde sitt.
Artikkelen held fram under annonsen.
No har dei lært seg å halde orden under vegs. Dei er i alle fall vorte betre og betre.
– Me rydda berre i fem minutt før du kom. Når me er tre går det ganske fort. Det går dritfort når me måkar snø også, fortel dei.
– Dette eit velfungerande kollektiv. Men folk kan ha det som dei vil på rommet sitt, smiler Sebastian.
Alle i kollektivet likar å ha det heimekoseleg.
Jentene, Susanne Røine Garnås og Iselin Gundersveen, er ikkje heime akkurat no.
Kollektivet et sjeldan middag i lag. Dei står opp ulikt, kjem heim ulikt og legg seg ulikt. men faste plassar i tv-sofaen har dei.
– Me føler oss som ein liten familie. Det hender me et i lag og ser kampar i helgane, seier Kalle som er den som er mest ryddig av alle.
– Han er pappaen i huset. Kanskje litt over-ryddig innimellom, smiler Steffen. Kollektivet har eigen snapchat-gruppe for meldingar seg imellom.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei har to kjøleskåp på kjøkkenet, og kvar sine hyller.
Men det er berre eit bad oppe.
– Eg og Kalle står opp omtrent same tid. Men me har synkronisert oss. Eg står først opp - så kjem han straks eg er ferdig i dusjen, seier Steffen.
– Nokon tips til andre som vil bu i kollektiv?
– Ha stooor søppeldunk på kjøkkenet, seier gutane og syner fram benken med tre blendarar, airfryer og riskokar.
Samlingspunkt
Stova i Høvabakken er eit naturleg sosialt samlingspunkt. Dei har feira 17. mai i lag og faktisk julaftan også ein gong. Då vart nemleg heile huset sett i karantene.
– To dagar før juleaftan i 2021, fekk eg korona, fortel Kalle.
– Og eg måtte sitje heilt aleine i kjellaren. Det vart jul over teams og gåver på døra, skyt Sebastian inn.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Kor lenge skal de bu i kollektiv?
Kalle: – Det er kanskje rart om ein er 35 år og gjer det framleis ...
Steffen: – Men det er i alle fall gunstig no og til ein blir litt eldre. I tillegg er det sosialt. Ein slepp å kjede seg ...
Kalle: – Og me kan dra kvarandre med ut på trening ...
Sebastian: – Eg synest det er rart at ikkje fleire gjer dette. Det er eit kapittel i livet eg ikkje ville vore forutan. Einaste ulempa er kanskje privatliv. Det er ikkje så lett å ha med nokon heim!
Bu i kollektiv
Å bu fleire saman, som kan dele bidreg til mindre forbruk av areal og ressursar, er ein svært berekraftig buform. Ein kan dele på utgifter, ete middagar i lag, hjelpe kvarandre med barnevakt, tidsklemma, motverke einsemd og bebuarane kan ha fellesaktivitetar.
Større fellesskap krev ofte fleire reglar og gode system.