Olsen kjem til Margit kvar veke: – Jobben hans er å gjere andre glade
Firbeinte Olsen har ein jobb å gå til kvar einaste tysdag. Jobben hans er å få andre til å smile og ha det fint - og det klarar han.
Han nærmast spring opp trappene på Hemsedal bygdaheim. Olsen veit kor han skal. På veg gjennom gangen helsar han på ein kjenning og får litt kos på vegen. Sidan nyttår har han og eigar Silje Ulsaker vore besøksvenner her.
Firbeint på jobb
– Me tok kurs gjennom Røde Kors og Anne-Grethe Sorteberglien på Ål, fortel Ulsaker. Røde Kors set opp kurs når det trengst. Ein må berre ta kontakt med det lokale laget.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Etter kurset tok eg med Olsen innom bydaheimen her i Hemsedal for å sjå om det var nokon respons, fortel Silje Ulsaker og festar Røde Kors-skjerfet på hunden.
No er Olsen på jobb.
Respons vart det. Kvar einaste tysdag går ekvipasjen til bygdaheimen til to som bur her.
Besøksvenner
Røde Kors har besøksteneste der ein kan søkje etter ein besøksvenn - eller bli besøksvenn sjølv. Laget intervjuar og kursar dei som vil bli besøksvenn.
– Røde Kors har også vanlege besøksvenner, og så er det besøksvenn med hund, fortel Ulsaker. Ho las om besøksvenn med hund allereie før ho fekk seg hund.
– Eg sa til oppdrettaren at dette var noko eg kunne tenkje meg å gjere. Då hjelpte ho meg å velje blant kvelpane, fortel Ulsaker.
Selskap i dyra
Margit Embre har alt venta på besøksvennene sine ei god stund. Ho strålar opp når ho ser dei. Ho voks opp med elghund, og likar å gi Olsen litt godbitar og kos. Først tek dei ein liten tur gjennom gangen. Då får Margit vere med og halde bandet.
– Ja, denne må du ikkje la bli att heime, smiler ho som sjølv hadde katt heime på Høljehaugen før ho flytta på bygdaheimen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er selskap i dyra.
– Olsen er godkjend for gruppebesøk og enkeltperson, pluss individuell besøk i heimen, fortel Ulsaker.
– Me som jobbar på bygdaheimen ser kor stor glede dette gir. Mange tykkjer det er stas berre å sjå hunden. Det gir ei ro, seier Marianne Røren.
Første kosen
– Ein skal ikkje kimse av kva påverknad dyr har på folk. Dette er eit høgdepunkt for Margit, legg Røren til. Kollegaen Thea Bergan nikkar.
– Eit høgdepunkt for alle, eigentleg, seier ho. Solstugu har sju bebuarar.
Hundeeigar Ulsaker jobbar sjølv innan helse og tek omsyn - ho veit når det er nok. Både for hund og besøksvert.
Etter å ha kosa litt med Margit, som no har sett seg i stolen, legg Olsen seg ned på golvet. Då er det ei i ein anna sofa som får auge på den firbeinte.
– Kanskje du vil vere hundepassar litt, spør Røren. Karoline Bråten nikkar og seier til hunden at den får koma hit då. Olsen er ikkje sein å be. For fyrste gong klappar Karoline Olsen. Det er nesten så båe to må smile litt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fleire som Olsen
– Me kunne gjerne hatt fleire som Olsen. Me er takksame for jobben Silje Ulsaker gjer, seier verksemdsleiar Hege Owesen ved Hemsedal bygdaheim. I dag har Røde Kors åtte-ti besøksvenner med hund, både i Gol, Ål, Hol og Hemsedal.
Ulsaker ser at hunden trivast. Men ho er tydeleg på ansvaret det er å ha med seg ein hund og glad for at hundane blir testa skikkeleg på førehand. Olsen måtte under testen tole både folk som stal leverposteien hans, kasta ting i golvet og gjorde rare rørlser og kom overraskingar av ymse slag. Det gjekk berre fint. I tillegg er det viktig å følge med på om hunden er trygg i situasjonen.
– Og så likar eg å kunne gi noko, vere medmenneske. Samstundes hjelper eg meg sjølv ved å stoppe opp litt i kvardagen og berre vere, smiler Ulsaker før ho og Olsen tek turen heimover.
Besøksvenn med hund
* Røde Kors har om lag 600 besøksvennar med hund, som vitjar folk heime eller på institusjon.
* Kontakt din Røde Kors lokalforeining for informasjon om lokale kurs og om hunden din er egna. Du må sjølv vere over 18 år, og hunden må vere minst to år når den er ferdig kursa.
* Det krevjast temakurs på 28 timar. Regodkjenning etter tre år.
* Ein besøksvenn må vere registrert som frivillig i Røde Kors, ha førstehjelpskurs og psykososialt førstehjelpskurs.
kva krevjast av ein besøkshund?
* Hunden må ha god helse, vere roleg, trygg, kontaktsøkjande og føreseieleg
* Eigar må ha god kontakt med hunden og vere god til å «lese» den.
* Hunden må vere tilpassingsdyktig og tolerant. Den må tole skarpe lydar og uvande situasjonar.