Gjengen er i full gang med å gjera settet klart til innspeling. Bjerknes har fått låne brorens hus i Flå.

Drøymer om dei store festivalane

Filmregissør Mats Bjerknes spelar inn kortfilmen «Aktlaus» i heimbygda. Truleg er det fyrste gong nokon spelar inn film i Flå.

Det er konsentrasjon på settet som i dag er i einebustaden til filmens hovudkarakter Erik.

– Kamera går.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Lyd går.

– Ooog ver så god!

Scena er ei velkjent ei, i alle fall for fotballinteresserte. Kamp på tv, øl på bordet og høgt engasjement blant to venner. Plutseleg blir dei avbrotne av heimehjelpa. Erik som sit i rullestol får beskjed om at han skal få hjelp til å dusje og at heimehjelpa ikkje har høve til å kome att.

Det er tydeleg at Erik ikkje har lyst, men han blir med.

Livet på sett som regissør er berre ein liten del fortel Mats Bjerknes.– Me regissørar har gjort det meste av arbeidet før innspelinga.

– Ooog takk! Det var veldig bra, seier Bjerknes. Men han vil ha eit nærbilete av scena òg.

Når ein skal avslutte tre års skulegang med ein film, må detaljane sitte, ekstra viktig blir det når historia er personleg.

Det kan variere veldig kor krevjande scenene er å spela inn. – Det har vore ein del lange dagar på sett, seier Bjerknes. Her blir scooterulykka til hovudkarakteren spelt inn.

Livet etter ulykka

Bjerknes sit sjølv i rullestol. Han lir av muskelsjukdommen spinal muskelatrofi, og har brukt lang tid på å utvikle manus, Filmen «Aktlaus» skal avslutte Bjerknes sin regissørbachelor frå Westerdals Oslo ACT.

– Dette er ein ide eg har hatt i tre år, men eg ville spare den til bachelorprosjektet. Manuset begynte eg å arbeide med i april i fjor, fortel han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tarjei Vestby som spelar hovudkarakteren Erik, har prata mykje med Mats om rolla. –Det er store kontrastar for Erik i filmen. Han går frå å å vere festens midtpunkt til å bli fråteken rettar. Filmen utforskar maksulinitet, og korleis den forsvinn i rullestolen, fortel Vestby.

Kortfilmen handlar om møbelsnikkaren Erik som bur og jobbar i Hallingdal. Etter ei snøscooterulykke blir han lam. Livet til Erik blir snudd på hovudet. Han går frå å vera adrenalinjunkie og festens midtpunkt, til å skyve vekk både vener og kjærast.

– Mykje av tematikken i filmen har eg opplevd sjølv, fortel Bjerknes. - Erik som verken er ein helt eller tapar treng plutseleg hjelpe. Han må innsjå den rolla og kroppen. Det handlar om min personlege filosofi. Du kan ikkje elske andre om du ikkje elskar deg sjølvs.

Macho på bygda

At Bjerknes har lagt filmen til Flå er ikkje tilfeldig. Her er machomiljøet annleis enn i byane.

– Mykje handlar om dumskap, utfordringar om kven som er raskast og best på snøscooter og liknande. Det er situasjonar og tematikk som er vanleg på Flå, fortel Bjerknes.

Nokon av snøscooter-scenene bli gjort på høgfjellet, på plassar som er vanskeleg for Mats å nå i rullestol. Då er det greitt å kunne sjå på opptaka på skjerm. Frå venstre: Tobias Malcolm Erlandsen, Mats Bjerknes og Sindre Sandhåland.

Alle skodespelarane i filmen kjem frå Osloområdet, og Bjerknes måtte bruke litt tid på å forklare for dei korleis ting funkar på bygda:

– Machokulturen på bygda er meir rå. Men det handlar også om å vise at det finst bra folk på bygda, seier Bjerknes.

Med støtte frå kommunen

10 februardagarvart brukt på innspelinga. Filmen vil ha ei lengde på 25 minuttar.

– Budsjettet vårt ligg på rundt 100.000. Me fekk akkurat beskjed om at me får 30.000 i støtte frå kommunen, så filmen kjem til å gå i null økonomisk sett, seier Bjerknes. Han har så langt sloppe å bruke av studielånet for å finansiere filmen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når sola skin, er det greitt med eit teppe. Då klarer ein å sjå innspillinga i monitor.

Filminnspeling er noko folk legg merke til i Flå. Location har vore på Høgevarde og fleire stader i sentrum av bygda.

– Det vart ein del snakk. Mange lurar på om det er mogeleg å sjå filmen, smiler Bjerknes. Han planlegg å ha ein førpremiere for flåværingane.

– Filmmiljøet i Flå er ikkje eksisterande, så eg håper dette kan inspirere til eit filmskaping eller eit miljø.

Skulen låner ut kamera i hundretusenkronar-klassen, det sikrar kinostandard når det kjem til det tekniske. Sindre Olav Fredriksen (til venstre) og Tarjei Westby gjer seg klar til innspeling.

Festivalar og hårete mål

Som filmskapar seier Mats Bjerknes at han søker realisme. Han nemner den engelske TV- og filmregissøren Ken Loach som ein inspirasjon.

– Eg er glad i ekte folk og ekte historier. Ein inspirasjon til «Aktlaus» ved sidan av mine personlege erfaringar, er den franske filmen «Dei urørlege».

Det fleire frå bygda stiller opp frivillig til filmen, blant anna snøscooterkøyrarar frå Høgevarde.

Dei neste månadene blir det mykje etterarbeid og klipping. Men filmen skal vere klar til våren.

– Eg ser jo gjennom noko av det me filmar, og ting ser veldig bra ut.

– Kva er målet?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg håper at me når opp og får filmen til nokon festivalar. Som kortfilmfestivalen i Grimstad. Kanskje internasjonalt også, det hadde vore artig, seier Bjerknes.

Her blir opptaka av sjølve snøscooterulykka gjort. Det skjedde i området Høgevarde i Flå.

– Kva med deg, blir det filmkarriere når du er klar med skulen?

– All fokus har vore på filmen den siste tida. Så eg veit ikkje heilt kva som skjer til hausten. Det eg veit, er at eg vil jobbe meir med film. Eg har i alle fall nok materiale til å lage ein langfilm av «Aktlaus». Det er kanskje eit hårete mål, men eg drøymer om å lage film på heiltid.

Mats Bjerknes frå Flå er i gong med sin bachelorfilm. "Aktlaus" er ein stor produksjon med eit mannskap på tolv personar i tillegg til skodespelarar.