Diskkastarane
Ein av dei raskast sportane i verda har eige klubbmiljø i Valdres. Men det finst fleire plassar i Hallingdal du kan prøve deg på diskgolf.
Driver, birdie, putter og bogey er kanskje uttrykk ein knyter til golf. Men det er også kjende omgrep for dei som interesserer seg for sporten diskgolf, eller frisbeegolf. For tida er sporten i sterk medvind her i landet:
— Det er lett å bli hekta, det er det ikkje tvil om. Eg har spelt nesten kvar dag denne veka.
Artikkelen held fram under annonsen.
Carl Frithjof Tidemand-Johannessen er klar for sundagsgolf. Han er nestleiar i Valdres Frisbeeklubb. Dei var ei gruppe entusiastar som ville få til ein bane. Prosessen starta på hausten 2017. Året etter stod ni korger klare, og no er banen bygd ut til 21 korger i eit stort skogsområde like ved Valdres Storhall på Leira.
Ein som er med er leiar i klubben, Gunnar Bratrud:
— Anten blir du skikkeleg hekta, eller så er det ikkje noko for deg. Me har ein teknisk bane her på Leira. Det som er fint med sporten er at du berre konkurrer med deg sjølv, fortel han.
Auka popularitet
Under koronakrisa fekk mange auga opp for frisbeegolf. Lokalaviser har i tida etter meldt om stor pågang og lange køar på frisbeebanar fleire stader i landet.
Konseptet er likt som i golf, men her er det ikkje hol i graset, men kjettingkorger som er målet. Poengsystemet er likt som i golf og det handlar om å bruke færrast kast. Kvart hol eller korg har eit par som fortel kor mange forsøk ein har på å få skiva i korga. Bruker ein færre eller fleire kast enn normen seier, går ein i minus eller pluss.
I dag finst det ca. 250 baner frisbeegolfbaner i Norge, med frå 6 til 21 korger.
USA dominerer. Her finn ein også profesjonelle frisbeekastarar. Nord-Amerika og Vest-Europa har flest banar.
I Valdres peikar pila rett oppover. Ved årsskiftet talde klubben 20 medlemmar. I dag er dei 80:
Artikkelen held fram under annonsen.
— Kø på banen er nok eit byfenomen. Men i juli var det mellom 3000-4000 som spelte på her. Det er rekord, fortel Tidemand-Johannessen.
Klubben har ein god miks i alder. Blant medlemene er 18 kvinner.
Her finn du frisbeegolf-banar i Hallingdal:
* Hemsedal: Hemsedal høgfjellssenter har ein bane med 12 hol. Frisbeear kan ein leige.
* Geilo: Like ved Vestlia Resort ligg det ein 9 hols bane. Frisbeear kan ein leige ved hotellet.
* Golsfjellet: Sanderstølen har ein 9 hols bane. Blei opna sommaren 2020
* Gol: Det er planlagt 18 hols bane på Hallingmo som kjem truleg er på plassen sommaren 2021.
— Kven er ein typisk diskgolfar?
— Det passar jo for kven som helst eigentleg. Det er ein rimeleg og tilgjengeleg sport. Her deltek folk i alle aldrar. Me har døme her i bygda på at heile familiar spelar, fortel Bratrud.
I blant arrangerer dei klubbmeisterskap og har også sosiale arrangement. Når snøen kjem, så spelar dei inne i hallen:
— Mykje av arbeidet på banen skjer på dugnad. Om ein ikkje har ein klubb og miljø, så blir det ingen bane, fortel Tidemand-Johannessen
Som for golf er opphavet til diskgolf, eller frisbeegolf, litt uklart. Men pila peikar mot Canada. Alt på 1920-talet skal ein gjeng ungdommar ha utøvd ein variant av golf der dei brukte loket til hermetikkboksar som frisbeear. Men det tok fleire tiår før sporten utvikla seg vidare til ein variant meir lik den me har i dag.
Artikkelen held fram under annonsen.
På 60-talet like etter den moderne frisbeen (som også er eit eige varemerke) hadde blitt lansert i USA, begynte ulike grupper ungdom å spele golfvariantar fleire stader i landet. Tre, gatelykter eller fontener fungerte som provisoriske mål.
Først på midten av 70-talet blei reglane formalisert og den fyrste foreininga stifta. Samtidig fekk sporten definerte mål med kjettingar og korg under. I 1983 blei sjølve frisbeen vidareutvikla slik at han kunne kastast lenger.