– Det einaste eg visste var at eg ikkje skulle bli sjukepleiar. Så feil kan ein ta
Den nye avdelingssjefen på Hallingdal sjukestugu har fostra ein verdsmeister og ein tredje generasjons sjukepleiar.
Worldcup i telemark er nett over. Marit Øen Li har hatt ansvaret for rennkontoret. Det er slikt ho kan godt, etter årevis med frivillig innsats på fleire plan.
– Køyrer du telemark sjølv?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg prøvde telemark ein gong på 90-talet, men gifta meg med ein alpinmann, så eg bytta ski-slag. Ho smiler og syner inn i det flotte huset som ein gong var administrasjonsbygget til Langeland Trevarefabrikk i Ål.
– Eg er nesning, men kanskje meir halling no då, ler ho. Sjølv sparka Marit fotball i oppveksten. Ho vart faktisk Hallingdals fyrste kvinnelege fotballdommar då ho vart for gamal for jentelaget.
– Så du er fotballinteressert?
– På lokalt nivå. Eg har vore engasjert i jentene mine då dei sparka fotball, som lagleiar og oppmann.
Etter 17 år som avdelingsleiar for korttidsavdeling og nattenesta i Ål tek ho frå 1. mai fatt på jobben som avdelingssjef for Hallingdal sjukestugu. No skal ho jobbe for å gi heile Hallingdals befolkning eit godt helsetilbod, og dessutan utvikle tenestene vidare.
Som vaksen har ho sjølv utvikla seg, og held framleis på med det ved sidan av jobben.
– Vidareutdanning er noko som har gjort at det er spennande å stå i jobb. Ål kommune har vore flinke. Eg har fått utvikle meg, fått ansvar og fått tillit. Det er eg takksam for. Eg har vore med på mange utfordringar, som byggeperiodar, omorganiseringar og driftsplanlegging. Det er spennande. No er eg klar for nye utfordringar, smiler Marit Øen Li.
Ho tykkjer det er moro med fagleg påfyll. No tek ho arbeids- organisasjonspsykologi. Eit helgebasert studium i Gol, i eit samarbeid med folkeuniversitetet og Universitetet i Bergen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er lettvint med Gol. Tidlegare tok eg studiar i helseleiing på BI, med fokus på endring og innovasjon, med mange samlingar i Nydalen i Oslo, fortel ho.
– Eg skulle eigentleg ikkje bli sjukepleiar, fortel ho. Mor til Marit var sjukepleiar i Nesbyen med lange vakter i heimesjukepleia, etter kvart var ho leiar også. Far til Marit køyrde sjukebilen med oppdrag både kveld og natt. Han køyrde taxi også.
– Mamma var iblant med som følgjeperson i ambulansen. Ho hadde nok litt kvalar med tre ungar heime og travel jobb, men ho balanserte jobben og morsrolla godt, fortel Marit. Ho minnest samtalar mor hennar hadde då ho på fritida møtte andre folk. Lågmelde samtalar.
– Det var alltid nokon som skulle prate med henne. Og eg måtte stå og vente. Nei, sjukepleiar skulle eg ikkje bli, ler ho. Men så vart det nokre vakter som pleiemedhjelpar på Elverhøy helsetun..
– Eg likte å jobbe med folk. Og det kjentest som ein viktig jobb å hjelpe folk som ikkje klarar å vareta seg sjølv.
Eldstedottera er vorte sjukepleiar, som mamma og gommo. Dottera Selma konkurrerer på høgt nivå i taekwondo. Dessverre har sjukdom råka veslejenta siste året. Og løvemamma vakar sjølvsagt.
– Det er tøft å sjå Selma ha det så vondt og ikkje kunne hjelpe. Det er, og har vore, tøffe tak, seier Marit. No ser det heldigvis ut til å gå betre.
– Å følgje opp ungane er vel anvendt tid. Og slik skal det vere. Eg har hatt organiseringa i Bama alpinfestival i ein mannsalder snart. Eigentleg på tide at andre tek over, men det er kjempeartig også. Alle dei spente og glade ungane. Dette er meir enn berre eit skirenn, seier Marit.
Artikkelen held fram under annonsen.
No er hennar eiga ungar vaksne.
– Eg er glad for at båe jentene klarar seg på eiga hand. Eg har fått meg ny hobby. Eg og mannen min skal synge i kor. Noko eg alltid har hatt lyst til. Det er krevjande, vanskeleg og mykje nytt. Eg er heilt grøn.
– Er du musikalsk?
– Nei, men eg skjønar om notane går opp eller ned. Det store målet er Beatles-konsert i slutten av april.
Marit Øen Li
54 år, gift med Jørund, to døtrer. Vaks opp på Nesbyen, men bur i Ål. Dei siste 17 åra har ho vore avdelingsleiar for korttidsavdeling og nattenesta i Ål.
1. mai blir ho ny avdelingssjef for Hallingdal sjukestugu
20 spørsmål
1. – Kor lang tid bruker du på å bli klar om morgonen – og kva gjer du?
– Då går det raskt unna. Blir berre det mest nødvendige på badet før eg grabbar med meg noko mat frå kjøkenet på veg ut døra.
2. – Kven er førebiletet ditt?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Då vil eg seie mor mi. Ho fekk seg utdanning og jobb i ei tid det ikkje var så vanleg for unge damer. Som sjef for heimesjukepleia i Nes hadde ho dessutan ei leiande stilling, og det var det endå færre damer som hadde på den tida.
3. – Om du kunne bu kor som helst – kor ville du budd, og kvifor?
— Det finst mange fine plassar, men Hallingdal ligg hjarta mitt nærast. Eg har det veldig bra i Ål, har eit flott nettverk av gode vener.
4. – Kva var din første jobb?
– Då var eg 13 år. Eg arbeidde med enkle kontoroppgåver på Bladsentralen i Nes hjå onkelen min, Asle Heio.
5. – Om du kunne endra noko med deg sjølv, kva hadde det vore?
– Då skulle eg ønske at eg av og til kunne gje litt meir blaffen.
6. – Når var du sist så fornøgd som du kan bli – og kvifor?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Då eg fekk telefon frå klinikkdirektøren på Ringerike sjukehus, og ho sa at eg var innstilt som nummer éin til jobben som avdelingssjef for Hallingdal sjukestugu.
7. – Kva var det siste du googla?
– «Grend i Finnmark.» Eg likar å løyse kryssord.
8. – Kva motiverer deg i jobben?
– Flinke og motiverte kollegaer som ønskjer å gjera ein god jobb, og at me i fellesskap løyser oppgåver og utfordringar.
9. – Kva har du gjort som du er mest stolt av?
– Stifta familie og fått to flotte jenter, Emma og Selma.
10. – Kva ville du bli då du var liten?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg visste nok ikkje heilt kva eg skulle bli. Det einaste eg visste var at eg ikkje skulle bli sjukepleiar. Så feil kan ein ta.
11. – Har du, eller har du hatt, eit kallenamn?
— Då eg var liten vart eg kalla Chaplin. Viss du har sett meg gå, skjønar du kvifor.
12. – Om du kunne reise tilbake i tid, kva år ville du besøkt – og kvifor?
— Det måtte bli på slutten av 70-talet/starten av 80 talet for å få med meg ein ABBA- konsert.
13. – Korleis trur du venene dine vil beskrive deg?
– Vanskeleg å seie. Eg håpar dei synest eg er til å stole på.
14. – Om du kunne ete middag med fire personar, levande eller døde, kven ville det vore?
– Robert Stoltenberg, Herman Flesvik, Emma og Selma. Det trur eg hadde blitt eit morosamt måltid. Me kunne ha ledd mykje saman, også i ettertid.
15. – Kva er den farlegaste tingen du har gjort?
– Då eg var 19 år og fotballdommar og dømde ein kamp mellom damelaga frå Ål og Geilo. Med høg temperatur. Eg var ikkje mykje populær. Det var nok nokon som hadde lyst til å ta meg då.
16. – Kven skulle spelt deg i filmen om ditt liv?
– Viss ein får velje, kan ein jo steppe opp litt, så då seier eg Liz Hurley.
17. – Kva er ditt beste barndomsminne?
– Fisketurar med far min langs elva ved Svenkerud.
18. – Kven har betydd mest for deg – og kvifor?
– Då vil eg seie Jørund, mannen min. Han er min livsledsager, støttespelar og bestevenn, som har gjeve meg to fantastiske jenter.
19. – Kva tankar har du om det å bli gamal?
– Gamal vil eg gjerne bli. Eg håpar berre det ikkje går så grådig fort og at eg får behalde god helse
20. – Huset ditt står i brann. Alle liv er berga og du har høve til å ta med deg éin gjenstand ut. Kva vel du?
– Bunaden til eldste dottera mi, Emma. Det er eit arvestykke som ikkje kan erstattast.