Vil vurdere privat bustadutbygging
Hemsedal kommune vil undersøke kva for konsekvensar og mogelegheiter det er i å få private til å bygge bustader for busetjing av flyktningar.
Det var Steinar Bleken (V) som sette fram forslag om å vurdere dette, jamfør Hamarøy-modellen. Forslaget fekk full tilslutning under budsjettdebatten i kommunestyret 17. desember.