Vil lage «Norske byggeklosser 2»
Atle Antonsen får ei rekkje sentrale roller i det som kan bli oppfølgjaren til den klassiske komedien «Norske byggeklosser». Arild Fröhlich har regien.
Arild Fröhlich er for alvor i ferd med å skrive seg inn i norsk komediehistorie.
Saman med Atle Antonsen har han skrive manus til ein oppfølgjar til Norske byggeklosser, frå 1972.
Artikkelen held fram under annonsen.
Klassisk filmperle
Originalen var det Pål Bang-Hansen som regisserte. Plottet handla om husbygging på 70-talet, og byråkratiet rundt. I den parodiske komedien var det slik at alt som kunne gå gale også gjekk gale.
Det er ein av norsk films klassiske perler, som sjølv 40 år etter er verd å sjå. Den frustrerte huseigaren Olav Femte (Bjørn Sand) var optimist før han møtte det norske byråkratiet. Rolv Wesenlund hadde heile åtte sentrale roller, inkludert ein snikkar som slit med å skilje tommar frå centimeter, ein bygningskontrollør «frå helvete» og ein skadefro nabo.
Må få finansieringa i boks
Dersom finansieringa går i orden er tanken å lage ein «Norske byggeklosser 2». Antonsen skal spele fleire komiske biroller, slik Wesenlund gjorde i originalen, kan VG fortelje.
Kjetil Omberg og Jørgen Storm Rosenberg skal vere produsentar. Dei jobbar for tida med å stable filmstøtte på beina.
– Sjølve historia og alle karakterane er heilt nye og skrive for meg og det eg kan spele, seier Antonsen til VG.
Dei må berre gjennom filmstøtte-byråkratiet først.
Ingen nyinnspeling
Får dei det til, blir det med andre ord ein heilt ny, klossete film, smidd over lesten til klassikaren frå 70-talet.
– Konseptet oppussing og påbygging er evig aktuelt for oss nordmenn, og me håpar det kan bli morosamt å lage ein brei og moderne oppfølgar til denne gamle klassikaren, seier Antonsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Erfaren regissør
Arild Fröhlich har ei rekkje filmar på samvitet, sist «Grand Hotel», med nettopp Atle Antonsen i hovudrolla. Lars Gudmestad i Norsk filminstitutt har uttala dette om regissøren.
– Arild Fröhlich sitt kunstnariske uttrykk har ein eigenarta humor, samtidig som det evnar å kommunisere med eit breitt publikum.
Regissøren har tidlegare blant anna to Doktor Proktor-filmar bak seg, Fatso og Pitbull-Terje. Den siste fekk han Amanda-pris for. Han er nominert til Amanda i år for både Doktor Proktors tidsbadekar og Grand Hotel, sistnemnde også i kategorien beste regi.
Fröhlich er fødd på Gol, same år som Norske Byggeklosser såg dagens lys.