Slik kan den nye Venås bru sjå ut, men avkøyringa til drosjeplassen mot aust bør utvidast, meiner hovudutval for plan og ressurs.
Slik kan den nye Venås bru sjå ut, men avkøyringa til drosjeplassen mot aust bør utvidast, meiner hovudutval for plan og ressurs.

Vil ha utvikling av Røggelia

Politikarane i Hemsedal vil sikre Røggelia for framtidig utvikling.

Dette kom fram 15. november då hovudutval for plan og ressurs drøfta nye bruer på Rv52 ved Venås og Skøyten. Hovudutvalet skulle kome med si innstilling til kommunestyret. Eit poeng er å sikre at avkøyringa ved den planlagde drosjehaldeplassen blir dimensjonert for større trafikk.

Avkjøringa kan også vere ein alternativ veg for utrykkingskøyretøy ved eventuell trafikkork i Støytebakken, heiter det. Utvalet foreslår også å be Statens vegvesen sikre at ei ny Venås bru får gang- og sykkelveg. Det kan skje dersom NVE kjem med pålegg om å fjerne dagens Venås bru når ny bru er på plass.