Hemsedal kan kome til å busetje 40 flyktningar komande fire år. Biletet er frå eit folkemøte om flyktningsituasjonen i Hemsedal.
Hemsedal kan kome til å busetje 40 flyktningar komande fire år. Biletet er frå eit folkemøte om flyktningsituasjonen i Hemsedal.

Vil busetje 40 flyktningar neste fire år

Siste fire år har det blitt busett 29 flyktningar i Hemsedal.

Dette er status før kommunestyret torsdag skal ta stilling til busetjing av endå fleire. Rådmannen foreslår å opne for å busetje 40 personar komande fire år. Ein føresetnad er at ein må kunne skaffe bustad. Vidare at ein må auke fleire stillingar knytt til oppfølging av språkpraksisplassar, flyktningkonsulent og miljøarbeidar. Kostnaden totalt er rekna til 780.000 kroner per år.

Til samanlikning betyr busetjing av ein vaksen person kommunen kring 700.000 kroner fordelt over fem år i integreringstilskot frå staten.