Fire centimeter ekstra takhøgd, meir plass, og enklare ut- og innsteg gjer CLA Shooting Brake meir praktisk.
Fire centimeter ekstra takhøgd, meir plass, og enklare ut- og innsteg gjer CLA Shooting Brake meir praktisk.

Viktig frå Mercedes

Mercedes-Benz A-klasse kjem etter kvart i mange avstøypingar, og no kjem kanskje den aller viktigaste.

For når bilmerket no lanserer CLA Shooting Brake vert design og praktiske løysingar sameina.

Lasteposisjon

Det me snakkar om, er ei stasjonsvognutgåve av firedørscoupeen CLA. Det betyr betre innvendig plass, noko som særleg blir tydeleg i baksetet kor takhøgda er auka

Artikkelen held fram under annonsen.

med fire centimeter. Med seta i normal posisjon svelgjer bagasjerommet 495 liter, men det kan aukast til 595 liter om bakseta blir sette i ein såkalla «cargo-posisjon».

Opp til 1354 liter

Då skal det framleis vera mogleg å sitja her, men med avgrensa sitjekomfort. Legg du seta ned sluker bilen 1354 liter. Motorutvalet vil strekkja seg frå 122 til heile 360 hestekrefter i CLA45 AMG