Når kommunar ikkje busett mange nok flyktningar raskt nok, må dei må bu lenger på mottak, slik som Skogstad hotell i Hemsedal.
Når kommunar ikkje busett mange nok flyktningar raskt nok, må dei må bu lenger på mottak, slik som Skogstad hotell i Hemsedal.

Utsette busetjing av flyktningar

Hemsedal kommunestyre utsette sist veke spørsmålet om kor mange flyktningar kommunen skal busetje neste år.

Odd Holde (H) påpeikte fleire budsjettmessige manglar ved saka. Han foreslo utsetjing og fekk full tilslutning. Saka skal opp i budsjettmøtet 17. desember.

Integrerings- og mangfoldsdirektoratet ber kommunane om busetje 16.000 flyktningar i 2016. Norske kommunar må ta ansvar og busetje flyktningar, elles vil transittmottak bli nærast permanente og asylmottaka blir verande fulle.