Politiet måtte rykke ut til utestader i helga. (Arkivfoto)
Politiet måtte rykke ut til utestader i helga. (Arkivfoto)

Utagerande gjestar

Rundt klokka ti laurdag kveld vart politiet tilkalla til hotell på Gol etter melding om ein utagerande person. Ein person vart bringa inn til lensmannskontoret, og vart henta av familiemedlem.

Ved eittida natt til sundag vart ein person arrestert av politiet på Gol etter å ha slått til kjærasten sin på utestad i Gol. Vedkommande sat i arrest i påvente av avhøyr sundag. Den arresterte er i slutten av 20-åra frå Litauen, og var gjest på hotellet. Det gjekk bra med kjærasten, melder politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

01.20 fekk politiet melding frå ein utestad på Geilo om ein kranglete gjest. Vaktene på staden hadde kontroll og vedkommande vart sendt vidare i taxi.