Ulykke skapte lange køar

Tre køyretøy var involvert i ei ulykke i Flå sundag ettermiddag.

Politiet fekk melding 16.40. Vegen vart stengt fram til 18.50. Det var mogleg for mindre køyretøy å bli dirigert over på vestsida av elva medan Rv7 var stengt. Men hendinga førte til store trafikale problem og lange, stilleståande køar. Til alt hell var det ikkje meldt om personskader.

Det var ein lettare polsk lastebil som hadde stoppa for raudt lys, på grunn av vegarbeid, ved Trøstheim like nord for Flå sentrum. Så kom ein latvisk lastebil og køyrde i bilen bakfrå. Ein norsk personbil som kom bak, køyrde i grøfta for å unngå samanstøyt med køyretøya framfor seg.