Ulshagamyrane vest godkjent

Kommunestyret i Ål har godkjent detaljregulering av forretningsområdet Ulshagamyrane vest.

Planområdet er på sju dekar og ligg mellom Sundrevegen og Rv7 aust for Ål sentrum og grensar mot næringsområdet til Bilplaneten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Planen er å byggje forretning, landbruksverkstad og salsavdeling.

Det er Asplan Viak AS som har utarbeidd detaljregulering på vegner av Medhus Invest AS. Grunneigar er Knut Ulshagen Langseth.

I kommuneplanen er planområdet avsett til forretning for arealkrevjande varer.