Sist vinter fekk ein del einslege mindreårige på mottaket i Hemsedal prøvd seg i alpinbakken.
Sist vinter fekk ein del einslege mindreårige på mottaket i Hemsedal prøvd seg i alpinbakken.

UDI har framleis igjen pengar å søkje på

UDI (Utlendingsdirektoratet) vil i år dele ut 60 millionar kroner til aktivitet for barn i asylmottak.

Det er framleis 9,2 millionar kroner igjen og UDI har sett ny søknadsfrist 1. august.

Ulike lag og organisasjonar har alt fått kring ein halv million til aktivitet knytt til mottaka i Hallingdal, men no er det altså sjanse for fleire å gjere ein innsats.

Artikkelen held fram under annonsen.

I fjor var den samla potten for slike tiltak 19 millionar. Tiltak som elles ikkje er tilgjengeleg for barna i nærmiljøet vil bli prioritert, heiter det.