Eigarane av Hemsedal Ski Lodge fryktar konkurs dersom dei ikkje får dispensasjon frå utleigeplikta i delar av næringsbygga i Sjåstadfeltet i Skarsnuten fjellandsby.
Eigarane av Hemsedal Ski Lodge fryktar konkurs dersom dei ikkje får dispensasjon frå utleigeplikta i delar av næringsbygga i Sjåstadfeltet i Skarsnuten fjellandsby.

Treng tid for å tenkje seg om

Dei som håpar på raske endringar når det gjeld krav til utleigeeininga i feriehusvære i Hemsedal, må vente til våren 2014.

Kommunen skal revidere kommuneplanen. Men arbeidet med arealdelen startar først då. I haust skal kommunen gjennomgå utbyggingspolitikken. Det skjer når samfunnsdelen i kommuneplanen skal reviderast. Også skiltvedtektene skal då få ein gjennomgang.

Dei som ventar spent på å få oversikt over vasskraftplane i kommunen, må vente til arbeidet til våren 2013.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den mykje diskuterte ABC-modellen som blant anna avgjer reguleringsrammene i og rundt Hemsedal Skisenter ligg også halvtanna år fram i tid.

Det er rådmannen som foreslår å ta sakene i denne rekkjefølgja. Kommunestyret behandlar saka 6. september.