Politi
Politi

Trekte kniv

Ein mann vart frakta til sjukehus med mindre skader etter eit knivslagsmål i Hemsedal.

I 13-tida påskedag fekk politiet melding om eit knivslagsmål ved Moen Camping i Hemsedal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politi og ambulanse kom raskt på plass og vart møtt av ein mann som vedgjekk forholdet, men som forklarte at han handla i nødverje. Han hadde sjølv blitt angripe med kniv, hevda mannen.

Ifølgje politiet er offer og gjerningsmann godt kjende.

Ved ransaking vart det funne ein del narkotika.

Den skadde vart frakta til sjukehus. Politiet opplyser at han hadde mindre skader og at han vli bli dimittert etter ein legesjekk.