To dalens menn er borte
Den eine flytta ut av dalen. Den andre flytta inn i dalen. Begge to var dei knytt til Hallingdal. Og til den kristne trua.
Måndag hadde eg eigentleg fri. Men då redaksjonen i Vårt Land ringde og bad meg skrive minneord for Lars Roar Langslet, gjorde eg gjerne det. Nokre timar seinare tikka det inn ei melding om at Karsten Isachsen var død. Eg rakk akkurat eit minneord til før deadline.
Å skrive minneord for desse to same dagen, var ei rar oppleving. Eg hadde kjent begge to. Dei høyrde begge to til Hallingdal. Og dei stod begge to for verdiar som er viktige for meg. Det var vemodig at dei var borte, men samstundes var det godt å kunne formulere ein takk for det dei hadde vore.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg veit ikkje heilt korleis idéen om å gjera den ledige diakonstillinga i Hol om til ei kommunal prestestilling kom opp. Var det av di Karsten Isachsen hadde ymta frampå at han kunne tenke seg å bli prest her oppe? Eg hugsar at mor slost hardt i kommunestyret for å få dette til i 1974. Prestar i Den norske kyrkja er statstilsette, ikkje kommunetilsette. Men Hol fekk kommunal prest.
Karsten Isachsen hadde kjøpt Fagerli i Skurdalen og starta ein leirskule der eit par år før. Som ungdomsarbeidar og prest i Oslo hadde han leia mange konfirmantleirar der. No ville han gjerne flytte frå byen. Etter at han hadde fått prestestillinga, kjøpte han Eivindsplass og slo seg ned der.
Det var nok dei som var skeptiske til å la ein bymann kjøpe småbruket i Skurdalen, med alle dei fjelleigedommar som høyrde til. Kom han til å reise att og gjere Eivindsplass til fritidsbustad? Alle slike tankar vart gjort til skamme. Karsten vart verande i Skurdalen og vart ein halling. Dei fyrste åra dreiv han jamvel garden. Eg hugsar gudstenester i Ustedalen kapell når Karsten hadde hatt det travelt med fjøsstellet og kom i altarringen med fjøsstøvlane under prestekjolen. Dei lukta sau i kyrkja. Men ein prest skal vel vera ein hyrding?
Eg hugsar og godt gudstenesta i Ustedalen kapell påsken 1977 då Karsten heldt preika «Gjester som ikke vil gå». Det var ein heilt ny måte å preike på, og bodskapen gjekk rett inn og vart sitjande i alle som var der. Dette vart tittelen på den fyrste preikesamlinga han gav ut. Sidan vart det mange bøker. Bjørn Eidsvåg seier at han fekk eit nytt språk av Isachsen. Han fornya preiketradisjonen her i landet.
Det var på den tida eg møtte Lars Roar Langslet. Eg vart medlem av Stortingets Presselosje i 1977, og Langslet var av dei viktige personane å bli kjent med for ein medarbeidar i Vårt Land. Særleg då abortstriden vart hard i Høgre på slutten av 70-talet. Langslet såg at partiet kunne verta splitta, og at det var hans konservative fløy som ville bli heimlaus. Han fekk gjennom at partiet ikkje skulle ta standpunkt, og hindra slik partisplittinga.
Det var i 1980. Året etter skipa Kåre Willoch regjering. Det var sjølvsagt at Langslet måtte inn i den fyrste reine Høgre-regjeringa. Han hadde vore ein sentral person i Høgre heilt sidan han leia den ideologiske nyorienteringa på 50-talet, som ung student. Han personifiserte det verdikonservative Høgre, som eg hadde langt meir sans for enn det næringsliberale.
Willoch ville at Langslet skulle styre med kulturen. Men kulturen låg i Kyrkjedepartementet, og det kunne ikkje ein katolikk styre. Slik gjekk det til at Langslet vart vår fyrste kulturminister.
Eg kan aldri hugse at eg snakka med Langslet om Hallingdal. Trygve Bull slo om til halling når han møtte meg i Stortinget, men Langslet heldt fast ved riksmålet sitt når han snakka med ein sambygding. Han var ein reservert mann, og eg kan ikkje seia eg synest eg kjente han godt. Men du merka godt at han var ein venleg mann som brydde seg om andre, og det var alltid interessant å snakke med han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Siste gongen eg møtte han, var ved grunnlovsjubileet. Då var han svært oppglødd for at han hadde fått til at Christian Fredrik omsider fekk den plassen han fortente, noko Langslet hadde kjempa for i mange år.
Då far omkom i ei ulukke, var det Karsten Isachsen som forretta i gravferda. Han gjorde meir enn det: Han såg at eg hadde det vondt og forstod kva eg trengde å høyre. Han tok meg til side og tok ein prat. Det er mange som har slike erfaringar med han.
Eg møtte Karsten for siste gong då Vårt Land gav han Petter Dass-prisen for 2014. Det var i seinaste laget, for han var alt alvorleg sjuk. Knapt nokon har fortent betre denne prisen, som er til den som har gjort trua levande på ein folkeleg måte.
Om Lars Roar Langslet og Karsten Isachsen møtte kvarandre, veit eg ikkje. Men dei stod for mykje av det same: Ei klar kristen tru som forma livet deira, eit engasjement for samfunnet – og ein kjærleik til Hallingdal. Vi har grunn til å vera takksame for at dei høyrde til blant våre.