Audun Haugeplass har ni hus på den gamle garden. I år blir det siste restaurert.
Audun Haugeplass har ni hus på den gamle garden. I år blir det siste restaurert.

Timra tonar frå Haugeplass

Når han svingar hammaren nesten like lett som han klimprar på gitaren, ja då blir det nye tonar på tunet.

På andre sida av dalen lyser sola opp eit lysegrønt felt langt oppe i skogen.

– Slik kunne det gått også her, seier Audun Haugeplass. Han nikkar mot det nedlagde småbruket han veit ligg der på i andre sida dalen. Der har skogen teke over, og dei gamle husa er på god veg til å bli mold. På Haugaplassen i Gol derimot er det flittige hender som har forbarma seg over dei gamle stokkane. Her er graset klipt, tunet rydda og alle dei gamle taka sirleg pussa opp.

Artikkelen held fram under annonsen.

Niande huset

– Dette er niande huset på tunet som no får ei skikkeleg overhaling, fortel Haugeplass. Hallingstova har nettopp fått tak. Yttertaket ligg i stablar på sida og berre ventar på å få pynte opp stova. Veggane er truleg 300 år gamle. Laftekassa vart sett opp att her på garden på 1800-talet. Det skjedde då fattigkommisjonen flytta hit ei gammal enke. Ho heldt til langt oppe i fjellsida. Der vart det for tøft å bu for Dorthe, som enka heitte. Men huset fekk ho med seg.

– Det var i siste lita me redda hallingstova, fortel Haugeplass. Eit påbygg lak vatn og spreidde fukt på innsida. No har tømmerveggene mange ferske, lyse innslag. Rote tømmer er fjerna, men Håkon Skrindo i Stav og Laft AS har lagt si sjel i å skifte ut minst mogleg. Dei gamle delane pyntar opp veggen innvendig med ei sterk, blå farge. Peisen som ein gong stod her, teiknar seg som ein skugge på veggen. Dei seier det er så god akustikk i tømmerbygnadar. Då kan det passe bra at nett ein musikar er husbond på Haugaplassen.

Men fyrst er det mange vindauge som skal på plass i hallingstova.

Pappa Arne Braathen budde sjølv på garden nokre år. Han er gjerne handlangar for sonen Audun Haugeplass.
Pappa Arne Braathen budde sjølv på garden nokre år. Han er gjerne handlangar for sonen Audun Haugeplass.
Det gamle grisehuset (f.v.), fôrløe, stallen/småfe-fjøsen og den ombygde gamlelåven ligg pent på rekkje og rad.
Det gamle grisehuset (f.v.), fôrløe, stallen/småfe-fjøsen og den ombygde gamlelåven ligg pent på rekkje og rad.
Den gamle Ford Cortina-ein har vore i familien i tre generasjonar. Og fleire skal det bli.
Den gamle Ford Cortina-ein har vore i familien i tre generasjonar. Og fleire skal det bli.
Ikkje mange gamle tømmerlåver har eige Bang & Olufsen-anlegg – kjøpt på Fretex
Ikkje mange gamle tømmerlåver har eige Bang & Olufsen-anlegg – kjøpt på Fretex
Iseki-en har fått eigen plass under garasjebygget.
Iseki-en har fått eigen plass under garasjebygget.
detalj frå garasjen.
detalj frå garasjen.
Audun Haugeplass har ni hus på den gamle garden. I år blir det siste restaurert.
Audun Haugeplass har ni hus på den gamle garden. I år blir det siste restaurert.
For ein musikar er gamle laftebygg perfekt for lyd.
For ein musikar er gamle laftebygg perfekt for lyd.
Den gamle Ford Cortina-ein har vore i familien i tre generasjonar. Og fleire skal det bli.
Den gamle Ford Cortina-ein har vore i familien i tre generasjonar. Og fleire skal det bli.
Audun Haugeplass har ni hus på den gamle garden. I år blir det siste restaurert.
Audun Haugeplass har ni hus på den gamle garden. I år blir det siste restaurert.
Loftet
Loftet
Ei 300 år gammal hallingstove er siste hand på verket. No blir Haugaplassen komplett att.

grisehuset.
grisehuset.

– I løpet av vinteren håpar eg, seier Haugeplass. Snart blir han trebarnsfar. Restaurering tek tid. Og no har dei halde på mykje dei siste fire åra.

Fest i garasjen

Audun Haugeplass arva garden. Det ligg historier i kvar ein stokk på tunet. Gamle historier, og nye kjem til. Det er vel noko av sjarmen med å overta eit gamalt familiebruk. Eit meir moderne bygg er i dag bustadhus. Så kjem tømmerbygnadane på rekkje og rad. Grisehus, fôrløe og stall. Dei fyrste husa var snikkar-kompisen Knut Halvor Opsata med og restaurerte. Den gamle låven i to etasjar lét seg ikkje redde, men delane vart til nye bygg då pappa Arne Braathen budde på garden nokre år tidlegare. Ein slags låvebygnad i ein etasje er på plass. Samt eit lafta moderne garasjebygg med spennande detaljar. Tilpassa det moderne livet. Her kan ein til og med dekke opp til fest med langbord og lysrekkje i taket. Det mura dekket har innlagt plankegolv. Riktig så lekkert.

– Eg kunne jo ønskt meg eit gamalt låvebygg på plassen der den gamle stod, smiler Haugeplass. Han er snar med å leggje til at han har lova kona at hallingstova er siste restaureringsobjektet. Tunet har og eit flott stabbur og ei lita hytte frå 50-talet som er fiksa opp.

– Der nede i andre enda av jordet ligg forresten eit samanrast laftebygg. Der har det ikkje vore tak så langt eg kan hugse. Men det er for seint å redde det no, seier han. Sjølv om me anar at tanken nok har vore langt fremme.

Lært mykje

Musikaren har nytta seg av fagfolk. Far hans har vore med også. Sjølv har han vore handlangar. Det har vore ein bratt læringskurve. Mykje av det nye tømmeret er ureist, høgd på garden og frakta til sagbruket på Jegleim. Under garasjen har gamletraktoren fått eigen hole. Iseki-en har vore med på jobben med å hente fram digre tømmerstokkar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Traktoren trong unnahelling for å dra dei største stokkane. Så me måtte hogge ovanfor garden, smiler Haugeplass som til dagleg jobbar som musikklærar på Gol kulturskule.

– Visste du kva du gjekk til, då de starta restaurering av garden?

– Nei, på ingen måte. Eg har berre spelt musikk eg, ler han. Restaureringa har kosta både tid og pengar.

– Me har levd sparsamt, nikkar han. Til dei tre-fire fyrste husa som vart restaurert, fekk dei om lag 30 prosent av budsjettet i SMIL-tilskot (midlar til spesielle miljøtiltak i jordbruket). Dei midlane var verkeleg til hjelp for å kome i gang.

– Men budsjettet sprekk alltid. Og no må ein ha produksjonstilskot for å få SMIL-midlar, fortel han.

Stor jobb

Audun Haugeplass overtok garden på starten av 2000-talet. Haugaplassen har vore i familien i generasjonar. Eigentleg gjekk heile garden tapt då oldefaren til Audun døydde på 30-talet. Oldemora vart enke som 35-åring, med sju born. Men far hennar og onkelen kjøpte garden attende. Men no var den utan tre stølar og mangla ein del skog. Oldemora levde til ho var 101 år. Den gongen det budde skuleborn her, var det ikkje bru over elva eingong. Dei måtte bli rodd over.

– Den fyrste songen på forrige plata mi handlar om rikdomen på skulevegen herfrå til Rotneim, fortel han.

I 2012 starta jobben med å redde husa på garden. Heldigvis hadde alle husa blikktak. Men stallen nok var heilt på grensa for kva som var mogleg å redde. Det har vorte relativt mange turar på søppelplassen med bygningsavfall.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me var der så ofte at folka der såg at me hadde klipt oss, smiler Haugeplass og gløtter på ei dør i den gamle stallen. Her møter me ei framlykt på ein Ford Cortina -64 modell. Resten av bilen kan skimtast der inne i mørket. Bilen har også vore i familien i fleire generasjonar. Haugeplass selde bilen då han flytta til Oslo, men fekk heldigvis kjøpt den att då han var tilbake.

– Fekk du blod på tann då du starta å restaurere fyrste tømmerkassa?

– Eg hadde ikkje interesse for gamalt, men eg likar autentiske ting. Eg likar ting som er ekte. Eg har ikkje digitale instrument lenger. Berre dei gode, gamle. Og så er det trist å sjå ting forfalle. Då må ein heller ta opp litt lån og få det gjort, seier han og innrømmer at den nye steinmuren på hallingstova røska litt vel i lommeboka.

– Det blir jo livsverket hans dette då, smiler pappa Arne på veg forbi med ein drill.

– Eg lærer litt heile tida. Og har stor respekt for handverkarar og lokal ekspertise. Staden har stige enormt i verdi for oss, om ikkje akkurat i pengar, smiler han.