Ein mann (30) vart send vidare frå legevakt til Ullevål sjukehus etter utforkøyring med ATV i Vassfarvegen i Nes onsdag kveld.
Ein mann (30) vart send vidare frå legevakt til Ullevål sjukehus etter utforkøyring med ATV i Vassfarvegen i Nes onsdag kveld.

Til sjukehus etter ATV-ulykke i Nes

Ein mann (30) vart onsdag kveld sendt til sjukehus etter ei ulykke med ATV i Nes. Tilstanden er uavklart.

Mannen  på firehjuling køyrde ut i ein høgresving på Vassfarvegen. Føraren (30) var frakta til legevakt før nødetatane kom til ulykkesstaden. 

Der vart han sendt vidare til Ullevål sjukehus med luftambulanse. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vedkomande var alvorleg skadd, seier politibetjent Christoffer Norhaug ved Gol og Hemsedal lensmannskontor. Men politiet er ikkje kjent med kva type skade det er snakk om.

Det er uklart om det var vitne til hendinga. Det er oppretta sak med sikte på å få eit klarare bilete. 

Utforkøyringa skjedde på snødekt grusveg. Meldinga til politiet kom i 19-tida, onsdag kveld.

Politibetjent Christoffer Norhaug kan ikkje seie mykje om ulykka der ein mann (30) vart alvorleg skadd i ei ATV-ulykke på Nes, men stadfestar at det er oppretta sak med sikte på å finne ut meir.
Politibetjent Christoffer Norhaug kan ikkje seie mykje om ulykka der ein mann (30) vart alvorleg skadd i ei ATV-ulykke på Nes, men stadfestar at det er oppretta sak med sikte på å finne ut meir.