Tek til orde for sesongpoliti
Politikarar i Hemsedal er delt i synet på nærpolitireforma.
Då kommunestyret skulle kome med ein uttale, gjekk fleirtalet på 11 inn for å støtte Hallingtinget si uttale. Eit mindretal på seks (2H, 1 KrF, 2 Ap og 1 HBL) stemte i mot.
Artikkelen held fram under annonsen.
Hemsedølene la også til tre punkt, inkludert ei oppmoding om å opprette ei form for ambulerande patrulje i politidistriktet. Bakgrunnen er dei mange turistane i regionen vinterstid og tilsvarande mange i kystbyane sommarstid. Ved å sjå behova i samanheng kan ein få meir synleg politi når det er mykje folk i områda, meiner hemsedølene.
Hallingdal bør dessutan vere ei eiga tenesteeining og sivile tenester (pass, utlendingssaker, dødserklæring, skjenkesaker, gjeldsordning, forlikssaker, utleggsforretning m.m.) bør også bli handtert lokalt, heiter det.