Tap for HFK
HFK hadde fleire sjansar på mål, men det vart Åssiden som tok sigeren på bortebane fredag kveld.
Fredag kveld møtte herrene frå Hallingdal Åssiden på Gol kunstgress.
I fyrste omgang var det Åssiden som leda kampen. Dei hadde fleire målsjansar og fekk ledelsen med 1-0 omtrent ein halvtime ut.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det vart elles ein lite innhaldsrik fyrste omgang. Eit par skuddsjansar for HFK, men ingen som gav uttelling.
I andre omgang skjedde det litt meir - med eit par frispark og jamnare spel mellom dei to laga.
Heilt på tampen av andre omgang scora Åssiden enda ein gong, og vann med det kampen 2-0.
Åssiden ligg øverst i 4. divisjon.