Suksess trass knapt med snø
Førehandsfavorittane markerte seg sterkt og Hallingløpet 2016 vart det beste på lenge, om ein ser bort frå økonomien.
Hundekøyring: Dei første la i veg frå Ranten fredag kveld, og først i mål kom Robin Johansen, i klassa 164 km (avgrensa). Valdrisen Marit Beate Kasin kom inn til ein sterk 2.-plass, mens Tor Fjesme tok 3.-plassen.
– Det var inga overrasking. Nesten så ein kunne skrive resultatet på førehand, seier Jarle Tvedt, primus motor, teknisk delegert og dommar for løpet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fleire markerte seg
I open klasse, same distanse, var det Kristoffer Halvorsen som vann, slik han også gjorde i fjor. Fredrik Westlie og Birgitte Næss tok 2. og 3.-plassen.
Det var få lokale med i dei lengste disiplinane, og dei som var med kom eit stykke ned på resultatlista.
Kanskje var det underlaget, med lite snø og difor jamne forhold for alle, som gjorde at førehandsfavorittane enkelt kunne surfe inn.
Ole Christian Haga (Tunhovd) vann 82 km, open klasse, framfor golingen Silje Botten Bergom. Per Øyvind Teige (1.-plass) og Håvard Botten (2.-plass), også dei frå Gol, tok gjorde det skarpt i 82 km med 8-spann.
Emma Lochart debuterte som konkurransekøyrar i 40 km for 4-spann. Nybegynnaren frå Geilo vann si klasse.
Tilbake om eit år
Arrangør Jarle Tvedt meiner sjølv det teknisk er det beste Hallingløpet på mange år.
– Arrangementsmessig gjekk alt knirkefritt, og vart ein kjempesuksess.
– Og økonomisk?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er nok noko me må sjå meir på, det er ikkje heilt berekraftig. Me burde gått i overskot, men det som er moro er at hundekøyrarane er så fornøgde. Me hadde ingen uhell, seier Tvedt.
Han garanterer at det blir Hallingløp også i 2017.