Joker Robru.
Joker Robru.

Stal kjøt ved Robru

Tysdag føremiddag fekk politiet melding om at Joker-butikken ved Robru i Gol hadde hatt uærlege kundar på besøk.

Fem utanlandske menn hadde vore innom og tatt med seg kjøtvarer utan å betala. Tjuveriet skjedde ved at betjeninga vart forstyrra medan andre forsynte seg.

Politiet kom seinare på dagen over gjerningsmennene som hadde køyrt vekk i ein bil i retning Hemsedal. Det viste seg at kjøttjuvane hadde vore i kontakt med politiet tidlegare, og at ein av gjerningsmennene blant anna ikkje hadde møtt til soning.