Stal 14.000 kroner
Laurdag fekk politiet melding om eit grovt tjuveri frå ein butikk i Gol.
Ein av dei tilsette varsla politiet om at to personar hadde stole 14.000 kroner og ein mobiltelefon. Politiet fekk meldinga klokka 12.30.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tjuveriet skjedde utan trugsmål og dramatikk. Den eine personen hadde hefta og distrahert dei tilsette, medan den andre utførte tjuveriet.
Politiet ønskjer tips frå publikum om to gjerningspersonar, ein mann og ei kvinne. Mannen er kring 185 cm høg, barbert på hovudet og kledd i brun jakke eller dongerijakke. Han var saman med ei kvinne i 35 årsalderen. Kvinna hadde mørkt hår.