Spelemannsnominerte Ropstad hadde fortent betre
Berre eit knippe nesningar fekk glede av Erlend Ropstads tidvis gullkanta tekstar og suggererande rock torsdag kveld.
Hjørnet Live gambla sjølvsagt då dei booka inn den ikkje spesielt godt kjende Erlend Ropstad. At han nyleg var nominert som ein av landets fremste popsolistar gjekk nok mange hus forbi.
Det var leit, for torsdag kveld leverte han varene på Hjørnet i Nes.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mange båsar
Sørlendingen har blitt plassert i bås både med visesongarar, popsolistar og rockeband. Og at han kjem frå ein vise- og forteljartradisjon er det ikkje tvil om. På sitt mest lågmælte er han i viseland, slik som når han i «Vise om Sverige» til og med syng om å bli ein svensk visesongar, ein gong i alderdommen.
Hadde han ikkje sunge på norsk og dialekt ville han likevel neppe hamna i visekorga, for med elektrisk gitar og fullt band er det først og fremst rock han serverer. Live er der ofte både drivande og suggererande køyre-bil-musikk.
Om det er interessant nok musikalsk kan ein spørje seg, men det er her han heldigvis også leverer på tekst.
Historieforteljar
Historieforteljaren kjem tydeleg fram når han syng «I stedet for å kysse ho sa æ, æ måtte komme meg hjem. Uten å si no sa ho, den sjansen her, får du aldri igjen». Slik omtalar han små augeblikk som kan vere avgjerande for kva veg livet tek etterpå.
I 2014 var Ropstad også nominert til spelemann, den gongen i kategorien for viser, utan at «æ gadd å krangle på det», som han sa mellom låtane torsdag.
Den lange sørlendingen hadde sjølvsagt fortent meir enn femten i lokalet, men for arrangørane er det lite som skil suksess frå fiasko. At Ropstad ikkje kunne konkurrere som popsolist mot Susanne Sundfør i år kan ein ikkje bruke mot nokon. Hadde Ropstad gått til topps hadde det kanskje vore lenger kø for å kome inn.
Seinare i år kjem Sondre Justad til same musikkscene, også han nominert i same kategori. Begge delar er ei fjør i hatten til bookingarbeidarane. Så står det att å sjå om publikum finn fram neste gong.