Søkjer om startlån
Kommunestyret i Gol vedtok å søkje Husbanken om 5 millionar kroner ekstra i startlånmidlar.
Kommunen har tidlegare hatt liten etterspurnad etter startlån og har ikkje hatt behov for å søkje Husbanken på fleire år. Det har endra seg i år. På ettersommaren begynte kommunen å merke ein større etterspurnad. Dei siste åra har talet på søkjarar lege på tre-fire. I år er det sju søkjarar. I tillegg har fem vorte avvist med at det ikkje er pengar att.
Den viktigaste årsaka til at fleire søkjer om startlån, er truleg at bankane har innført strengare krav til eigenkapital for lånetakarar og at startlån vert godkjent som eigenkapital i bankane.