Skysstasjonen i Hol
I dag finn du ikkje noko vegskilt som viser til Hol skysstasjon. Skiltet vart i 1934 endra til Hol pensjonat. Denne bygnaden i Hol sentrum har hatt fleire brukarnamn og har ei lang og forvitneleg soge. Starten er nærast dramatisk. Grannegarden Helling, som Asle Rue åtte, vart teke att med odel i 1875.
Asle var på Trinteplassen (vesta Holsfjorden) då lensmannen kom for seie han ut frå Helling for alvor. Heime i Hellingo hadde Asle arbeidskarar som dreiv i det harde og flytte den stugu som han hadde selt til bygnaden for Spareforeningi, nordum Skriu, så han kunne få den unna før utseiinga, og før han måtte overlata garden. Han såg heimom og såg at karane hadde berre litt att av flyttinga, – det galdt å hefte lensmannen litt. Asle gjorde seg ærend attum fjøset og vart der tolleg lenge. Då han såg at den siste stokken var komen nordum Skriu, gjekk han fram. Han orsaka seg for lensmannen: «E æ so hardliva, måta!»
Sette stugu i stand
Hols Spareforening, som hadde drive handel på Nerol sia 1872, sette stugu i stand og begynte handel der. (Denne gamle stugu frå Hellingo er innebygd i det som no er Hol Pensjonat og er gjestestovene der, med dei opphavlege stømmerveggene.)
Artikkelen held fram under annonsen.
Tollef Sundre var styrar for spareforeninga. Han var ein ordensmann. For ein stor del gjekk handelen med varebyte. Korn vart mykje brukt som betalingsmiddel. Særleg var kjerringane svære til å kjøpe for korn. Dei kom med kornpøkar og fekk kaffi, sukker, tobakk, tøy og garn i staden. «Kjerringhandel svalla dei um», fortalde Tollef Sundre. Handelen gjekk støtt og godt framover. Omsetnaden i 1880 var på 20.860 kroner. Det kom derfor uventa på mange då styret like etterpå vedtok å selja forretninga til Gullik Gulsrud. Av pengane dei fekk for Foreninga skipa dei Hols spareforenings fond på 4000 kroner. Dette fondet brukte dei seinare til å starte mange andre nyttige tiltak i bygda, såleis dei seinare handelslaga. Etter eit par år gjekk Gulsrud konkurs og reiste til Amerika.
Sven Tufte kjøpte «Foreningsbygnaden» i 1884, bygde på ei høgd og dreiv handel der til i 1890, då han bygde eigen butikk, Tuftebue, nedmed ølmannvegen. I 1895 selde han Foreningsbygnaden til Ola K. Svarteberg Hjallo, «Hjalleskraddaren.»
Pål O. Slettemoen kjøpte Foreningsbygnaden i 1896 Pål var skraddar, hadde gått i lære hjå Perstølen i 2 år og hadde reist rundt på gardo som skraddar, ”heilt upp til Tufto i Ustedale, i Kvisla og Mogardane”, fortalde sonen Sigurd. No innreidde Pål skraddarverkstad i Foreningsbygnaden. I 1904 bygde han ny veranda og måla bygnaden kvit. Dette imponerte slik den unge nabojenta Gudrun (Reinton–Nestegard) at ho skreiv i dagboka si: «Uppe hjaa skraddare bi det no pent kan du tru. Dei laga slik pen veranda og klæ’n og maale’n og huttetu.»
Då Hol Sparebank vart skipa i 1905, leigde banken lokale i Foreningsbygnaden. Innskytar nr. 2 var vesle Olav, son til skraddaren – kr 1,90 som dåpsgåve!
Hols Spareforening vart skipa på ny i 1909, og Pål O. Slettemoen sytte for husvære til dei òg. Han bygde attåt på nordsida – og litt seinare snudde han mønet. Då vart bygnaden ståande på tvers av dalen, slik som no.
Bygdesenter
Eit lite bygdesenter tok form. Foreningsbygnaden gav plass til ymse nye verksemder: Sparebank, spareforening, skraddarverkstad, kontor for tannlege Nielsen (1904), snikkarane Sandof Prestegard og Torleiv Reinton (1910), Arne Bjørndal-konsert (1911), Arbeidslaget for telefonutbygginga (1914), vevskule (1916), telefonsentral, doktorkontor.
Svein Nestegard var styrar av Hols Spareforening frå det vart skipa i 1909 og til han sa opp stillinga i 1918, då vart Hermann Medhus tilsett i styrarstillinga. (I 1920 flytta spareforeninga inn i nytt bygg, frå 1925 kalla Hol Handelslag.)
Pål Villand kjøpte Foreningas-?bygnaden i 1917 og selde han att i 1919 til Olav Endrestøl for 19.000 kroner.
Artikkelen held fram under annonsen.
Skysstasjonen hadde frå gamalt vore på Nerol. Då Olav Endrestøl kjøpte Foreningsbygnaden, tok han over skysstasjonen, og Halvor Hallingstad skyssen, som nemnt tidlegare. Halvor sette no hesten på stallen og skaffa seg bil i staden, men måtte etter ei stund ty til hesten att.
John Erichsen vart i 1925 ny eigar av skysstasjonen i Hol. I ei lysing det året stod: «Hols Hotell & Skysstasjon. Godt kjøkken. Øl og vin.»
Jakt
Erichsen gjekk mykje på jakt, og då hadde han alltid med Sokkmann, harehunden sin. Presten Eriksen var prest i Hol på same tid. Han var ein god prest for bygda, men kunne sikkert vore like god advokat, vart det sagt. Dei fekk bryne seg dei som prøvde ein diskusjon med han! Jens Sletto hadde høyrt på eit ordskifte i Tuftebun mellom presten Eriksen, skysstasjon-Erichsen og lensmann Tvedt. Tema for diskusjonen var kristendomen. Skysstasjons-Erichsen var fritenkjar – og la kraftig nedpå. – Så fall det seg slik at presten Eriksen måtte halde gravtalen for sin gode ven skysstasjons-Erichsen. Blom var i denne gravferda og hadde merka seg presten då sa: «Guds ord er sant, det – om ikkje folk trur det!»
Ikkje skjenking til innanbygds
I 20- og 30-åra var det slik at når kommunen gav skjenkjeløyve, galdt ikkje det rett til skjenking til innanbygds. Ein følgje av det var at t.d. ålingane kom til Hol for å få tystedrikke. Dei første ålingane eg såg, var nokon som hadde fått dempa den verste tørsten i Hol. Dei stod i klyngjer og laga ein slags broderring utpå tråkka, mens det dyrekjøpte vatnet rann ut att, slik naturen har laga det. Desse ålingane gav ikkje noko sympatisk inntrykk, akkurat. Men heldigvis har eg treft andre ålingar seinare, og dette førsteinntrykket av ålingane har forbetra seg atskilleg!
Nye verter
John Erichsen hadde skysstasjonen til i 1929, då Rønnaug og Asle Myro overtok og dreiv i heile 50 år. Ordninga med skysstasjonar tok slutt i 1934, og skysstasjonen i Hol vart omdøypt til Hol Pensjonat. Rønnaug og Asle var særs flinke og strevsame vertsfolk, hadde evne til å få det heimekoseleg for dei årvisse gjestene sine. For dei same gjestene kom att kor sommar, såg det ut til. Når gjestene på pensjonatet var ute og gjekk, kunne det verke som det var stor sosial avstand til slåttefolket som streva bortpå jorde så sveitten rann. Somme gjester hadde spaserstokk og alpehuve. Ein var veldig lett å kjenne att; han var frå Bergen og gjekk i lilla brok. Men etter som tida gjekk, og me vart vaksne, vart me vant med mange slags fargar i klesvegen.
Gjestebøkene for pensjonatet syner jamn trafikk i mange år. I 1947 var det 383 gjester her, ifrå 1 til 21 dagar, i 1957 392 gjester, i 1967 319 gjester og i 1977 192. Dei første åra var det mange «reisande», dvs agentar, som overnatta på pensjonatet, heile 31 i 1925 og 18 i 1943.
Kristeleg arbeid
I mange år var Hol Pensjonat eit senter for mykje godt kristeleg arbeid. Det kom derfor ikkje uventa at Rønnaug og Asle gav heile eigedomen sin til Det norske misjonssambandet. Pensjonatet vart no mykje brukt til samvære av ymse slag som bygda hadde bruk for. Dyktige Solfrid Hallingstad stod for denne drifta.
Ola Vaagan Slåtten overtok den ærverdige skysstasjonen i 2010. Verksemda heiter no Hol pensjonat, Natur- og kultursenter, og vil halde fram med utleige av møtelokale til lag og organisasjonar. Planen er å starte opp med ei form for kafédrift. Målet er at dette huset skal vere ein møteplass.
Artikkelen held fram under annonsen.
«Foreningsbygnaden», - Hol pensjonat Natur- og kultursenter–slik han no står, er ei konsentrert kulturhistorie. Det som skjedde i ei lita bygd på vegen inn i ei ny tid, det skjedde her. Og det som skjer i ei ny tid, vil skje her på Natur- og kultursenteret.