Skal drøfte badeland
Formannskapet i Hemsedal er kalla inn til eit arbeidsmøte tysdag 5. januar.
På agendaen står blant anna drøftingar av badeland.
I desember gjorde politikarane vedtak om å kartlegge kva for roller og interesser dei ulike partane har i høve realisering av eit badeanlegg. Det er signalisert at Skistar vil vere ein naturleg første kontakt i denne samanheng.
Artikkelen held fram under annonsen.
I møtet vil strategisk næringsplan også bli gjennomgått og diskutert, heiter det i innkallinga.