Samhald Handelslag
Odd Trygve Skarsgard hadde eit godt og fornuftig innlegg i Hallingdølen for nokre veker sidan.
Eg har også ei historie å fortelja om Samhald, og den ligg ei god stund attende i tid.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter ei kort tid som slåttekar hjå ei av tantene mine, og vidare på Forbruksforeningen midt i bygda gjekk turen vidare frå Hemsedal og ut i den store verden. Etter 5–6 år vart eg hallingdøl att med Peder på Gol Bygg som arbeidsgjevar i nesten 6 år. Det vart ei aktiv og spennande tid, men eg syns det kunne vera interessant å sjå meg litt rundt på andre stader.
Styrar
Samhald Handelslag på Ål averterte etter ein ny styrar. Eg var lite kjent på Ål, men eg hadde i alle fall sett at det var ein relativt stor og moderne butikk i Ål sentrum, så eg vurderte å sjå litt på den. Som tenkt så gjort, og ein dag ringer styreformannen og spør om eg kan koma til Ål slik at heile styret kan vurdere kven eg er. Eg vart forundra då styreformannen forklarte kor denne butikken låg, og det viste seg å vera på ein heilt ukjent plass for meg langt opp i Leveld. Eg enda til slutt ved ein bensinstasjon som låg ved sida av ein stor treetasjes tømmerbygning som viste seg å vera ein gamaldags landhandel. Butikklokalet var ganske lite med ein stor U-disk der det truleg var så mykje som 100–150 skuffer med allverdens kjende og ukjende varer som rosiner, svisker, aprikoser, mjøl, gryn, skoplugg, heljødn osv.
I kjellaren var det fryseri der butikkjentene måtte kle seg for polferd med både votter, skjerf og lue då dei skulle prøve å finne kjøtpakker og liknande i fryseboksar til kundane i bygda. Det var ikkje så lett bestandig å finne pakker med rett nummer. I blant var den kanskje henta for fleire år sidan. Eg såg også sardiner med god førkrigskvalitet i kjellaren, men det som var mest imponerande var det skruelageret som denne vesle butikken hadde. Det var ein reol, 5–6 meter lang, og som gikk frå golv til tak, små skruar, også svært store skruar, og alle hadde sitt eige rom med storleik, prisar osv. Eg vil tru det var nok skruar til heile Hallingdal.
Det var solide nordbygdingar i styret på Samhald som eg fekk eit godt forhold til, og dei varta opp med flotte smørbrød, kaffe og kringle, og det var god stemning i storstugu i 2. etasje. Men dei skjønte nok at denna karen var litt skeptisk. Heile bygningen hadde eigentleg passa svært godt på Hallingdal Museum.
Mjølkeoppgjer
Økonomien i selskapet var forbausande god, og det var fleire grunnar til det. Kundegrunnlaget var bortimot 150 husstandar, noko over 100 solide bønder som alle hadde mjølkekyr, også ein del andre dyr. Det som eg syns var veldig bra var at meieriet betalte ut heile mjølkeoppgjeret til Samhald ei gong i månaden. Dette vart skrivi inn i boka som alle hadde på butikken, og smått om senn brukte dei opp mesteparten i varer som dei kjøpte kraftfôr, byggevarer, matvarer eller andre ting. Klarte dei ikkje å handle for alt, var det egentleg eit luksusproblem, så langt alt vel.
Siste utspelet frå karane i styret var meir personleg. Dei meinte nok kanskje at når ein er i 30 årsalderen er det ikkje uvanleg å ha familie. Her hadde dei fleire gode forslag, og i alle fall mått eg lova å koma att for å sjå butikkjentene i arbeid. Dei sa det ikkje direkte, men slik eg oppfatta det fanst det truleg ikkje maken på denne sida av Polarsikelen.
Eg skulle gi tilbakemelding etter påske, og i staden for ein ny tur til Leveld reiste eg til Sundrehall påskelaurdag der eg rekna med at alle spreke ålingsjenter var, og det var dei.
Møte hjå statsråden
Og så begynte arbeidet. Først jekka me den svære tømmerbygningen innover bygda i retning mot Leveld kyrkje, medan butikken var oppe til normal tid. Eg vakna tidleg kvar morgon då det begynte å knaka og braka i tømmerstokkane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ny butikk vart bygd på den gamle tomta, nytt lager, garasje osv., og gamlebutikken vart kafé.
Møbelutsalg vart etablert nede ved Gullhagen, Hallingmøbler, og det gjekk ikkje lenge før eg vart med i starten av ein møbelfabrikk i Hemsedal.
På denne tida starta hyttebygginga rundt omkring i norske bygder, og det var naturleg at Ål også måtte ha sin hyttefabrikk med produksjon av laftehytter basert på gamalt, godt handverk. Det var i utgangspunktet ingen betingelse at snikkarane måtte bu i Nordbygdene, og vera kundar på Samhald, men slik vart det no likevel.
Etter kvart som aktiviteten auka vart det nødvendig å ha ein dyktig styreformann i selskapet, og me valde ein frå øverste hylle. Advokat O.T. Ruud, mangeårig ordførar i Ål, statssekretær og mange andre viktige tillitsverv omkring. Det var ikkje uvanleg å ha styremøte på kontoret hjå statsråd Kyllingmark.
Hytter
Ål kommune utlyste i 1966 ein landsomfattande arkitektkonkurranse om beste fritidshus. Det kom inn meir enn 160 forslag, dei fleste frå arkitektar. All den tid me alt hadde ein hyttefabrikk i bygda var det naturleg å vurdere eit samarbeide her. Det enda med at lafteproduksjonen gradvis forsvann, og i staden vart det produksjon av 1. premiehytta Bete/Beitski, teikna av ei dyktig jente på 25 år frå Stavanger, Turid Haaland, som også fekk Designprisen for si hytte. Dei kjende arkitektane Kjell Lund og Nils Slaatto hadde teikna 2. premiehytta, Stev om Stav og Stolp, seinare vidareutvikla av arkitekt Jon Haug til Ålhytta.
Som alle forstår vart det heilt nødvendig å pensjonere meg som landhandlar, og ein svært dyktig og arbeidssom unggut frå Nørdre Vats, Tormod Skarsgard, overtok styringa på Samhald.
Fabrikken på Ål vart utvida fleire gonger, etter kvart vart det etablert andre fabrikkar rundt omkring, bygd på same konseptet. Fyrst i Sunnfjord, så i Sirdal, Hedalen i Valdres og Gildeskål i Nordland. Ei tid var det lisensproduksjon i Larvik, Treschow Fritzøe, og hjå Mathiesen Eidsvold verk. Skal ein selja hytter, er det greitt å ha med to av Norges største grunneigarar på laget. Det var også i ei periode lisensproduksjon på to stader i Danmark. Eksport gjekk også delvis frå Danmark.
Hyttene frå Ål vart etter kvart bygd meir eller mindre utover ein stor del av Europa, til og med på Grønland og i 10 år på Island. Eg saknar fortsatt mine to turar til Island i året, og har fortsatt god kontakt med mine gode vener på Nordlandet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Var det mindre hytteaktivitet i periodar, bygde me også Ålhytta til mange forskjellige formål som bustadhus, barnehagar, forretningsbygg av ymse slag, sparebank, arkitektkontor osv. Med ein kreativ arkitekt som Jon Haug finst det ingen grenser. Me bygde også ein del hus til OL i Nagano, golfbane på den sydligste del av Japan, Kyushu, bustadhus langt nord i Kina på grensa til Nord-Korea osv.
Mange av desse bedriftene i Norge lever fortsatt i beste velgåande, og Ålhytta har sjølv etter 40 år aldri vore så populær som den er i dag. Og i all beskjedenheit må eg i dag kunne si at eg har vore med på min måte til å setja Ål på kartet.
Utgangspunktet var så enkelt som at det var ein gong ein hallingdøl som var så dårleg i geografi at han søkte jobb i eit landhandleri han ikkje visste kvar låg.
Det som eg syns var veldig bra var at meieriet betalte ut heile mjølkeoppgjeret til Samhald ei gong i månaden.