Salting på Riksveg 7

Les ein artikkel i Hallingdølen om salting på Rv7, og då spesielt frå Gol og vestover.

Denne artikkelen stemmer bra med tilhøva slik dei var FØR jul. Då var det bra vinterføre med god brøyting og sandstrøying.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette opplevde eg som godt og stødig vinterføre med kvit vegbane og kvit vegskulder og gode lysforhold i ei mørk årstid.

Frå Gol og austover var det salting med moderate mengder. Overgang frå salt til snø opplevdes som litt ustabil nokre hundre meter for så å bli stabil.

Dette såg ut til å bli ei veldig bra løysing på ein elles oversalta Rv7.

Etter jul er dette snudd heilt opp ned.

No pøsar dei på med salt frå Gol og vestover. Det er saltsøle, veldig våt vegbane, svart asfalt og vegskulder, generelt svært dårleg sikt og null sikt ved møte av tungtransport.

Frå Gol og austover er det fortsatt moderat salting med relativt turr vegbane, lysare vegbane og vegskulder og mykje betre køyreforhold.

Kva denne totale endringa på strekninga vest for Gol skuldast, er eit stor spørsmålsteikn for meg.