Kunstnar Oddbjørg Reinton er oppteken av miljøet. Ho målar isbjørnar og gorillaer for å få fram bodskapen sin. Reinton deltok sjølv på opninga av utstillinga Crescendo i Geilo kulturkyrkje torsdag kveld.

Reinton målar endringane i naturen

Kunstnar Oddbjørg Reinton kom frå Frankrike for å delta då utstillinga hennar, Crescendo, opna i Geilo kulturkyrkje torsdag kveld.

Eit 30-tals gjester hadde møtt fram i Geilo kulturkyrkje då utstillinga med bilete av Oddbjørg Reinton, opphavleg frå Hol, vart opna torsdag kveld. Øyvind Kvile stod for seansen.

Reinton stiller til saman ut 45 bilete som skal henge i kulturkyrkja fram til 15. mars. Nokre av bileta er også utstilte i iskatedralen i Geilo sentrum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klima er eit gjennomgåande tema i Reinton sine bilete. Ho bruker isbjørn som symbol for nord og gorilla for syd, og fleire av bileta hennar syner isbjørnen sin kamp for å overleve i eit stadig varmare klima.

– Eg treng ikkje lenger leite etter motiv, det er endringane i naturen som motiverer meg til målinga, seier kunstnaren.