Regjeringa sitt råkøyr mot arbeidslivet
Buskerud Sp er kritisk til den blå regjeringa sitt råkøyr mot arbeidstakarar og arbeidsmiljø. Statsråd Eriksson (Frp) har fremja fleire endringar som ein må sjå som angrep på arbeidstakarane sitt arbeidsmiljø og opparbeida rettar.
Sp går mot regjeringa sitt forslag om at det skal opnast for allment sundagsarbeid. Forslaget inneber at ein arbeidstakar skal kunna jobba 5 sundagar etter kvarandre. I dag er regelen at ein kan påleggjast å jobba 2 sundagar, men skal ha fri den 3. Endringsforslaget vil gje eit auka press for å jobba sundagar i fleire bransjar, blant anna innanfor varehandel. Sundagsopne butikkar er ein konsekvens. Heldigvis registrerer me at og handelsbedriftene sin eigen organisasjon, VIRKE, er mot dette. Når og politikarar og arbeidstakarar er mot forslaget, kan ikkje Sp forstå kvifor regjeringa skal pressa dette gjennom.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det som kanskje er mest kritisk, er regjeringa sitt forslag om å opna for meir bruk av midlertidig tilsette. Sp går mot at alle stillingar skal kunne lysast ut midlertidig i inntil eit år, sjølv om arbeidsoppgåvene ikkje er midlertidige og sjølv om ein vikarierer for nokon som har ei fast stilling, men som er ute i svangerskapspermisjon e.l. Når samstundes regjeringa har fremja at arbeidsgjevarane skal dekka lønskostnader i 20 dagar mens det i dag er 10 dagar, vil dette kunna føra til at ein arbeidsgjevar heller seier opp tilsette enn å gå til permitteringar. Dersom bedrifta igjen treng å tilsetja, kan den då erstatte sine tidlegare fast tilsette med midlertidige tilsette. Det vil bety at midlertidige stillingar blir mykje vanlegare enn i dag. Arbeidsgjevarane får og høve til å auka tal midlertidig tilsette i ei bedrift. I framtida kan kvar fjerde tilsett vera midlertidig. Ein arbeidstakar med eit midlertidig tilsettingsforhold vil blant anna ha store problem med å få bustadlån. Unge kvinner utan fast jobb vil tenkja seg om før dei får born i ein slik situasjon. Slik vil dette forslaget ramma unge menneske i stor grad, i tillegg til andre som er på veg inn i arbeidslivet (funksjonshemma, innvandrarar).
Sp går også mot at det vert opna for meir pålagt overtid utan at dette vert kompensert med overtidsbetaling.
Argumentasjonen om at desse endringane vil gje større fleksibilitet for tilsette, er det vanskeleg å tru på. Buskerud Sp meiner dette vil vera ei utvikling som vil føra til eit hardare og meir kynisk arbeidsliv. Det er me ikkje med på!