Raskare å realisere byggeplanar
Frå og med 1. januar 2015 skal det bli raskare å få realisert planar om bustader og næringsbygg. I alle fall er det intensjonen til regjeringa som har fått Stortinget med på fleire forenklingar av reglane i byggesaksbehandlinga.
Til no plan og bygningslova operert med ein femårsfrist for å gjennomføre nye tiltak i ein plan. Fristen blir no fjerna. I tillegg må dei som har innvendingar gjere desse kjent raskare enn før. Ein kommune må sende saker med motsegn til fylkesmannen innan to veker etter kommunal behandling. Fylkesmannen har fire veker på seg til å sende saka vidare til eit departement. Ein reguleringsplan skal opp i eit kommunestyre innan 12 veker etter høyring.