Raida hyttefelt i Gol
Tjuvar braut seg inn i nesten alle hyttene i eit hyttefelt på Golsfjellet.
Berre hytta nærast vegen, og ei eldre ubebudd hytte, fekk stå i fred for tjuvane som var på ferde i eit hyttefelt på Golsfjellet natt til torsdag.
Seks andre hytter fekk besøk av dei ubedne gjestene, samt at dei prøvde å ta seg inn i endå ei hytte.
Artikkelen held fram under annonsen.
Feltet med ni hytter ligg langs Fv51 i området før Brenn/Åsgard. Når du køyrer i retning Leira er hyttene på høgre side av vegen.
Det er førebels uklart kva som er stole i raidet som skjedde mellom klokka 15.30 onsdag ettermiddag og 8.15 torsdag morgon.
Det var ein handverkar som kom til hyttefeltet for å arbeide torsdag morgon, som oppdaga at det var brote opp vindauge og dører på hyttene.
Politiet har få spor å gå etter, men trur det er tale om éin bil, og kanskje to personar. Politiet er interesserte i tips frå publikum.