Pelsdyrhald er framtidsretta

Som fast spaltist i «Sett Uttate», syner den dyktige skribenten May Grethe Lerum sist laurdag, at ho har kunnskap om pelsdyr som ei god og tradisjonsrik landbruksnæring i distrikta. Då er det forunderleg at ho avslutningsvis likevel råder til å sparke beina under oss pelsdyrbønder.

Lerum skriv at ho tidleg vart kjend med husdyrhald, også med pelsdyr då ho vaks opp på ein liten gard i Sogn. Om ho hadde kjensler for pelsdyra, forstod ho likevel raskt at lite skilde dette husdyrhaldet frå anna. Då ho i ungdomsåra på 1980-talet såg korleis ein pelsdyrgard vart driven i verkelegheita, vart ho positiv til pelsdyrhald generelt.

Artikkelen held fram under annonsen.

I si ytring er Lerum også inne på den store betydinga som pelsdyrhald har hatt historisk sett i distrikta og for landbruket.

På 30-talet var det i fleire år over 500 gardar med pelsdyr, berre i Hallingdal. Og i Ål, som var den leiande sølvrevkommunen i landet på den tida, bar skatteinntekter frå reveavlen ein fjerdedel av kommunebudsjettet i fleire år i denne tida. Førkrigsåra var vanskeleg, særleg i distrikta, og reveavlens betyding var stor for mange gardsbruk og familiar.

Godt etisk dyrehald

Alt dyrehald ber med seg etiske utfordringar fordi mennesket frårøvar reven, grisen eller hunden eit fritt liv. Lerum meiner ikkje at pelsdyrhald skil seg spesielt ut her. Ho meiner derimot at både med mat og pels kan det vera luksusprega produkt me får av dyra, eller at: «hundar blir redusert til pynt og lufteturen skjer med bleier – i ei jålete handveske».

Sjølv om me menneske frå tidenes morgon har nytta oss av det dyra har kunna gjeve oss av mat og klede, er det sjølvsagt at dyrs levevilkår skal ha høg fokus, og samfunnets krav her er aukande. For eit husdyr har det ingen betyding kva det vert brukt til etter det er daudt, difor må eit godt etisk dyrehald vera at dyrevelferda skal vera det essensielle, og opplevast som god også for dyret, uavhengig av føremålet med dyrehaldet.

God attåtnæring

Mange bønder har også i dag pelsdyr som ei god attåtnæring på gardsbruk med små ressursar, og realiteten er faktisk ikkje slik at «dyktige bønder har mange gode alternativ», slik Lerum hevdar. Samfunnets krav om meir effektivitet og billegare mat, fører til utfordringar for heile landbruket. Arbeidsplassar veks heller ikkje i dag på tre, verken i distrikta eller i byane.

Med si lange røynsle som skribent og forfattar, nyt Lerum høg respekt når ho fører sin penn. Ho skriv også godt i ytringa frå sin oppvekst og lærdom om gardsdrift i distrikta. Det er då forunderleg, at trass i den kunnskapen ho viser til i kommentaren, meiner ho at pelsdyrhald ikkje skal vera liv laga lengre.

Det kan synast som at urban påverknad dei seinaste åra, har ført til at Lerum diverre har fjerna seg noko frå verkelegheita, og tyr til meir populistiske argument. Difor fortener ho heilt klart «å få på pelsen» for dette, noko som ho skriv at ho er budd på.

Domestiserte pelsdyr, som ikkje lir

Systematisert avl har ført til godt domestiserte og tammare dyr, og har ikkje «feila», som Lerum hevdar. Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) er ein uavhengig vitskapleg fagleg komité, utnemnt av statlege myndigheiter. I 2008 gav VKM ut ein rapport som omhandla velferd for pelsdyr. Denne konkluderte med at: «rev og mink har god velferd, og liten fare for liding under dagens driftsformer, men det er forbetringsmoglegheiter for å styrke velferda». VKM-rapporten vart så fylgd opp av myndigheitene med nye reglar, der pelsdyra får enda betre rettar og styrka velferd i fleksible oppstallingsmiljø, og fleire andre velferdsforbetringar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lerum viser også til at veterinærforeininga meiner at dyra lir. Dette er eit lite fagleg utsegn, og står i sterk kontrast til veterinærar som har kunnskap om pelsdyrhald gjennom helsetenesteordninga for pelsdyrbønder. Desse veterinærane er generelt positive til dyrevelferda og tilstanden i norsk pelsdyrhald. Dette vert bekrefta gjennom ei høyringsfråsegn til pelsdyrutvalets rapport: NOU 2014: 15 Norsk pelsdyrhold, der 76 veterinærar, som har god kunnskap til dagens pelsdyrhald, er positiv til ei berekraftig utvikling av næringa, men med visse forslag til tiltak som vil styrke dyrevelferda ytterlegare.

Politisk behandling

Nemnde NOU-rapport vart gjeve ut i desember 2014. Dette er ein grundig fagleg gjennomgang av norsk pelsdyrnæring, og eit fleirtal i utvalet går inn for berekraftig utvikling for norsk pelsdyrhald, med anbefaling om sterkare fokus på meir systematisert avlsarbeid og auka dyrevelferd. Denne rapporten er det faglege grunnlaget for politisk behandling av pelsdyrnæringa i løpet av 2016, og som bør konkludera med at Norge skal vera førande i pelsdyras velferdsutvikling.

Framtidsretta og berekraftig

Ut av argumentasjonen til Lerum, så kan det synast som det er ganske lengje sidan ho har besøkt ein pelsdyrgard. Med uttalen hennar: «i all respekt for dei flinke og omsorgsfulle pelsdyrfarmarane», burde ein kunne forvente at ho også syner oss den respekt og tek imot invitasjon til å besøke oss så fort ho får eit høve. Då får ho med eigne auge sjå korleis utviklinga har vore for våre gardsdyr dei siste åra, og dei faktiske tilhøva i dagens pelsdyrgardar.

Norsk pelsdyrhald bør også i framtida vera førande for pelsdyras velferdsutvikling, også globalt sett. Då er einaste løysinga ei sterk framtidsretta og berekraftig pelsdyrnæring på heimebane.