Administrasjonen i Ål kommune tok på ny tak i landsdelsscenen 19. februar, dagen etter at kommunestyret gav prosjektet ein ny sjanse. Fv. Hilde Bjørnsvik, Berit Heitman, Anita Borrmann Skoglund, Eldgrim Springgard, Iris Almås Tangeraas, Anne Kaslegard, Reidun Aaker og Tone Tveito Eidnes.
Administrasjonen i Ål kommune tok på ny tak i landsdelsscenen 19. februar, dagen etter at kommunestyret gav prosjektet ein ny sjanse. Fv. Hilde Bjørnsvik, Berit Heitman, Anita Borrmann Skoglund, Eldgrim Springgard, Iris Almås Tangeraas, Anne Kaslegard, Reidun Aaker og Tone Tveito Eidnes.

På høggir for dansescene

Finst det fleire investorar og korleis vil Ål kommune løyse ein landsdelsscene for dans versjon 2.0? Om ein knapp månad veit me svaret.

– Det er ikkje noko nytt å melde, seier Anita Borrmann Skoglund. Leiaren for Ål kulturhus ventar spent på tilbakemelding frå ein moglegheitsstudie.

Denne vil etter alt å døme både vise kva som finst av investorar, samt at det vil skissere korleis ein landsdelsscene i dans kan bli løyst, på ein betre og meir økonomisk måte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sette strek

Det har vore arbeidd med prosjektet sidan 2012, men under budsjettarbeidet i desember i fjor vart det sett strek. Det var ikkje økonomi til å setje det ut i livet, meinte fleirtalet i kommunestyret.

Det oppsiktsvekkjande var at kulturdepartementet hadde trødd til med 13,2 millionar kroner i statsstøtte, fylkeskommunen ville bidra med 6 mill, og private givarar gav 1,5 mill.

Trass i vel 20 mill. i eksterne midlar, ville ei utbygging koste Ål kommune for mykje. Ikkje minst var driftsutgiftene avskrekkande.

Ny sjanse

Men på nyåret meinte ordførar Solveig Vestenfor (Ap) og rådmann Tone Tveito Eidnes at det var gode grunnar for å sjå på saka på ny. Fleire moment var ikkje greidd ut godt nok.

Det meinte også eit fleirtal i kommunestyret (16 av 26). Dei vedtok å oppheve desember-vedtaket og vente på svara frå ein moglegheitsstudie før ein avgjorde noko endeleg.

Sektorleiar for kultur og oppvekst, Ola Terje Oleivsgard (Sp), veit ikkje så mykje meir no enn då det nye vedtaket vart gjort.

– Eg reknar med det blir jobba på høggir for å få investorar på banen, samstundes som dei ser på prosjektet på nytt, seier han.

Ein månad igjen til svaret

Det var knytt klart større forhåpningar til Olav Thon stiftelsen enn det som vart innfridd. Éin millionar var i alle fall ein null for lite. No er både sponsing og folkeaksje til vurdering.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utbygginga må også bli meir kostnadseffektiv og koordinert med dagens kulturhusfunksjonar. I praksis betyr det å strippe ned og skalere ned så mykje som mogeleg.

– Me politikarar er ikkje involvert direkte i dette arbeidet og blandar oss ikkje i det, seier Oleivsgard. Ikkje før 9. mai, når formannskapet skal ha saka. Sidan er det kommunestyret som avgjer 19. mai.

Det kan framleis blir med berre ei nødvendig utbygging av kulturskulen, dersom politikarane meiner det ikkje er økonomi til å nokon landsdelsscene.

– Me har dårleg tid og jobbar på, seier kulturhusleiaren.