Overraskande
TØNSBERG blir hovudsete for politiet i det nye Sør-Øst politidistrikt som omfattar Buskerud, Vestfold og Telemark. Avgjerda er svært overraskande, all den tid Politidirektoratet i haust konkluderte med at Drammen var det beste alternativet.
DEN FAGLEGE vurderinga tok truleg også omsyn til at det er brukt store summar på å samlokalisere alle nødmeldingssentralane ved sentralen i Drammen. Sentralen som det har kosta 38 millionar kroner å bygge opp, har fungert sidan 2010. Den er den fyrste i sitt slag i landet.
Artikkelen held fram under annonsen.
I BUSKERUD er fylkesordførar Roger Ryberg (Ap), svært kritisk. Han meiner at når ein trass i faglege råd landar på Tønsberg, så verkar det som om politidirektøren har bestemt seg på førehand. Ryberg opplever dette som ein «skinnprosess». Skal me tru reaksjonane frå dei tilsette, både i Drammen og i Tønsberg, så kan han vere inne på noko. Internt i etaten var Drammen det venta alternativet.
I HALLINGDAL er regionsrådsordførar Oddvar Grøthe i Hemsedal like kritisk som fylkesordføraren. – Eg hadde trudd at Drammen vart valt. Eg må seie eg er litt overraska. Men eg trur også at avgjerda er eit politisk påverka vedtak, seier regionsrådsordføraren.
SAMTIDIG har Oddvar Grøthe eit edrueleg syn på saka. Sjølv om det er lenger til Hallingdal frå Tønsberg, enn frå Drammen, trur han ikkje dette blir avgjerande. Det viktige er viljen politimeisteren har til å drive politiet i Hallingdal og øvre Numedal.
ETABLERINGA i Tønsberg, eller for den saks skuld om det hadde vorte Drammen, løyser ikkje hovudutfordringane for drifta av polititenesta i øvre Buskerud. Det er store avstandar og store variasjonar i folketalet her i distriktet. Turistsesongane er prega av store innrykk og hektisk frilufts- og uteliv.
GEOGRAFISK blir vår del av Buskerud ein utkant i det nye politidistriktet. No blir det opp til leiinga i Tønsberg å syne at me ikkje blir ein utkant politimessig. For politiets utfordringar i Hallingdal og Numedal kan berre løysast ved å satse og vera til stades i dette området.