Vinden reiv ned reiskapshuset som var under oppføring i Leveld. Då trødde dugnadsgjengen til.
Vinden reiv ned reiskapshuset som var under oppføring i Leveld. Då trødde dugnadsgjengen til.

Naturkrefter

Eg funderte her om dagen, på kva for naturkraft som er størst. Laurdag 10. nov. fekk eg svar. Den urgamle naturkrafta, dugnadsånda lever framleis. «Sambygdinga frå halve bygda, (resten var bortreist)» møtte fram og tok opp kampen mot naturkrefter som Meteorologiske institutt varslar om. Bindingsverket til eit reiskapshus på 100 kvadratmeter hadde lite å stå imot med eit flatpakka reiskapshus. Å starte på startstreken er kurant, men her begynte kampen bak mål med snø, spiker, materialar og stillasdeler, i ei sann røre, før alt skulle opp att i rett rekkjefølge. Og her var det dugnadsånda viste sin styrke. Før dagen var omme var veggene reist, lekta og platekledd. Limtredragarar og takstolane vart effektivt løfta på plass med kranbil før taklektene vart fordelt, klare til å ta imot taktekkinga.

Her starta min konklusjon at over målstreken reiste det seg eit bygg der naturkrafta, dugnadsånda, hadde gjort meir arbeid enn det meteorologiske varselet raserte 3 dagar før.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein takk til alle for ein dag som varma like inn til hjarterota.