Mistenkeleg sondering
Laurdag kveld vart det observert mistenkelege personar kring Gol Bakeri i sentrum av Gol.
Dei kom i to bilar, med austeuropeiske skilt. I den eine bilen sat ei kvinne, medan fire menn gjekk rundt. Det kunne sjå ut som dei tok bilete av butikkane rundt bakeriet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Personane reiste like før politiet kom til staden. Den eine bilen køyrde i retning Nes, den andre mot Geilo.