Politiet fylgjer med på ferietrafikken i Hallingdal. (Arkiv
Politiet fylgjer med på ferietrafikken i Hallingdal. (Arkiv

Mista førarkortet

Politiet fekk tysdag ettermiddag melding om ein dansk bil i stor fart på riksvegen.

Ein patrulje fanga opp bilen og målte farten til 121 kilometer i timen i 80-sone. Førarkortet vart beslaglagt.

Like før heldt politiet kontroll i Sentrumsvegen i Gol. Seks av 31 kontrollerte bilistar vart pålagt bilbeltegebyr.