Meir pengar til vassverket
Hol vassverk skal byggast ut og rehabiliterast.
Dagens vassbrønn skal rehabiliterast og det skal også byggast ein ny. Eit nytt behandlingsanlegg der ein går frå lut til marmor som skal justere pH-verdien på ein sikrare måte. Prosjektet er kostnadsrekna til sju millionar kroner. I formannskapet forrige veke vart det vedteke ei ekstraløyving på 1,3 millionar.