Markering også på Ål
Tysdag blir det markering til støtte for å behalde lensmannskontoret også på Ål. Det er Ål og Torpo Senterparti som tek initiativet.
– Ikkje fakkeltog?
– Nei. Det blir ei markering på Torget utanfor lensmannskontoret, med appell og kulturinnslag, seier Ivar Brevik.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Innan tysdag har styringsgruppa fått eit revidert reformforslag på sitt bord, der Ål blir foreslått lagt under Gol?
– Det er rart å leggje ned kontor i den mest folkerike kommunen. Ingenting er vedteke og det er i januar dette blir avgjort. Kommunen har jobba bra med denne saka, men me meiner det mangla litt på å vise folkeleg engasjement. Dei som vil ha lensmann på Ål må vise det, seier Brevik.