Målet er å vere undervegs
«Hvis de gir deg linjert papir, så skriv på tvers», oppfordra den spanske Nobelprisvinnaren Juan Ramon Jimenez.
– Eg sluttar meg til hans tenkemåte og oppfordrar alle til å gå på tvers av «tilrettelegging» av fri natur, seier Nils Faarlund, ein av dei som kanskje har gått mest på tvers av alle motar og trendar innan friluftsliv, utstyr og bekledning.
– På merka stigar og i merka løyper er det lett å falle for freistinga til å gå for å kome fram. Går du på tvers, må du vere til stades for å finne vegen, seier han vidare.
Artikkelen held fram under annonsen.
Undervegs
Då underteikna tidlegare i sommar gjorde det kjent at eg hadde gått på fem fjelltoppar på ei lita veke, kom det ein venleg, men bestemt korreks frå Nils Faarlund: Eg måtte hugse på at det ikkje er toppen som er målet – men det å vere undervegs.
Dette er Nils Faarlund i eit nøtteskal. Heilt sidan 60-talet har han kjempa mot den vanlege oppfatninga av naturen som ein tumleplass. Han har slåst mot kommersialismen, mot alpinismen, mot utstyrshysteriet, mot det tilrettelagde friluftsliv, mot glasfiberski og goretex. Sist veke stod han fram og åtvara mot det ferske forslaget om å legge våre nasjonalparkar til rette i større grad slik at fleire kan nyte godt av dei.
– Det kan bli amerikanske tilstandar i våre nasjonalparkar om så skjer, seier han. Kva han meiner om dei sherpaskapte trappene opp frå Prestholt, veit eg ikkje. Men eg har mine tankar.
Lita bok
I desse dagar har den 78 år gamle fjell- og friluftsmannen gitt ut boka «Friluftsliv – en dannelsesreise». Her summerer han opp sine erfaringar som han har henta inn og delt vidare til sine studentar gjennom fleire årtiar som leiar for Norges Høyfjellsskole i Hemsedal. Der utdanna han vegleiarar til eit seriøst friluftsliv. Han etablerte også friluftsliv som høgskulestudium ved Norges Idrettshøgskole.
Faarlunds bidrag til norsk friluftsliv er tufta på ein heilheitleg filosofi om menneske- og naturverd. Ein tenkemåte han har tileigna seg gjennom eit langt liv i den norske fjellheimen. Hans livsoppgåve har vore å vinne vener for den frie naturen, seier han.
Naturen er ikkje ein gladiatorarena der det gjeld å kome fortast mogleg til topps, ta selfie og kunngjere det på sosiale media, men ein stad der du ferdast med kunnskap, kjærleik og ansvar, er eit av hovudbodskapa hans.
Berekraftig
I dag viser undersøkingar at 9 av 10 av oss driv ei eller annan form for friluftsliv. Dette opnar for enorme skadeverknader dersom marknadskreftene får styre utviklinga, meiner Faarlund. Han åtvarar mot at dette kan sette att eit alt for stort fotavtrykk. Det ekte og ansvarlege friluftslivet skal vere berekraftig og late etter seg seg så lite spor som råd. Helst ingenting.
Dette er ei lita og beskjeden bok. Men innhaldet er «tungt» nok. På ein måte er det Faarlund sine «samlede verker», men i kortform.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nils Faarlund tek for seg ei rekke tema og gir oss sine råd. Han skriv om korleis ein tur skal førebuast, nødvendig kjennskap til naturen, kunnskap om vêret, om fjellet, om vatn, vassdrag og skred. I kapittelet om klede fortel han om sin mangeårige kamp mot goretex og kunststoff til fordel for ull, bomull og naturprodukt. Han gir oss også velmeinte råd om kva mat ein bør ta med på tur, om det å søke ly. Om livsfaren ein kan råke opp i på tur. Og ikkje minst eit fyldig kapittel om korleis grave ulike typar snøholer og leskjermar.
Han gir oss også ei naturvenleg utstyrsliste, der kunstprodukt glimrar med sitt fråvær.
- Denne boka er skriven i Askeladdens ånd, den inviterer til vandring på tvers med ettertanke som avrunding, skriv Nils Faarlund.
Og dette krydrar han med sine mange aforismeliknande utsegn: «Stillhet er en måte den frie natur taler til oss ved å tie», «Fare er ikke farlig for den som farer varlig», «Å lære om været er å være i været», «Ferd etter evne» og ikkje minst hans gamle slagord «Naturen er kulturens hjem».