Lokal og global oppvarming

Natta før dette blir skrive, natt til 22. november, la isen seg på Vatsfjorden. Eg har dessverre ikkje data attover i tid, men eg trur fjorden denne hausten har vore isfri om lag ein månad lenger enn det som var vanleg nokre tiår sidan.

Derimot har eg data for når isen går om våren. Det har variert år for år, frå først i mai til først i juni, men over tiårsperiodar har variasjonane jamna seg ut. I femtiåra var gjennomsnittsdagen 25. mai, i sekstiåra 27., i syttiåra 26., i åttiåra 25. og i nittiåra 24. mai. Så endra det seg. Det første tiåret av 2000-talet var gjennomsnittsdagen 19. mai. Snittet for dei siste fem åra er 16. mai.

Målingar

Globale temperaturmålingar viser at det har vorte varmare, nesten 0,7 grader på vel hundre år, men vesentleg meir på landjorda og mindre over hava, meir rundt polane enn nærare ekvator og mest på den nordlege halvkula, der klimautsleppa er størst. Om me hadde hatt ein graf for tal på dagar utan is på Vatsfjorden over tid og jamført denne med grafen for globale temperaturendringar, hadde me sett eit samanfall. Hadde me jamført med CO2-mengd i atmosfæren, hadde me også sett samanfall. Karboninnhaldet i lufta var lenge rundt 280 ppm, partar per million. No er det i ferd med å passere 400 ppm. Omfanget av andre klimagassar har stige tilsvarande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det finst ei gruppe eller eit nettverk som kallar seg klimarealistane og som rett som det er skriv i avisene, også Hallingdølen, at drivhuseffekten ikkje er reell. Dei skriv til dømes at temperaturane har gått opp og ned også i tidlegare periodar. Det er sjølvsagt rett, men (kanskje med unntak av etter dei største vulkanutbrota) truleg aldri i eit så raskt tempo.

Små endringar

Dei skriv at skilnaden mellom 280 ppm karbon i lufta og 400 ppm er liten. Skilnaden er berre 120 ppm, 0,12 promille eller litt over ein titusendel. Sant nok, men små endringar kan gi store utslag. Me kan jamføre med kroppstemperatur. Om kroppstemperaturen går opp eller ned nokre få grader frå 37, tek liv slutt. Balansen mellom dei uendeleg mange faktorane som dannar grunnlaget, i dette tilfellet for menneskes liv og i klodens tilfelle for eit stabilt klima, blir forrykka.

Dei hevdar at klimapanelet (IPPC) overdriv og feiltolkar. Etter mitt skjøn er det meir som tyder på at dei bagatelliserer. Det har noko med forskarars måte å argumentere på å gjere. Forskarar er varsame heller enn påståelege. Det har også noko å gjere med måten panelet fungerer på. Innanfor den store gruppa av vitskapsfolk blir avgjerder tekne med konsensus og ikkje med fleirtal. Det gjer at enkeltforskarar som dissenterer, kan stoppe ei vurdering. Men mest har det å gjere med dei spørsmåla panelet ikkje går inn i fordi det ikkje ligg føre tilstrekkeleg forsking.

Hårfint

Avgjerande for både fjell og polområde er eit skilje som ofte er hårfint, mellom pluss- og minusgrader. Når plussgradene dominerer, smeltar snø og tele. Og når smeltinga først er i gang, vil ho lett forsterke seg sjølv. Det gjer at Grønlandsisen og Vest-Antarktis avgir is til hav og at havnivået stig. Denne endringa vart lite påakta i dei første rapportane frå panelet. Endringa gjer at isbrear i alle verdsdelar smeltar. Der det er regn- og tørkeperiodar, har brear smelta i tørkeperiodar og lagt på seg i regnperiodar, og bønder har fått vatningsvatn frå dei store elvane til ris og kveite den tida sola dominerer og dei treng tilført vatn. Når brear blir borte, kjem nedbøren i Eufrat og Tigris og Brahmaputra og Ganges i regn- og ikkje i tørkeperiodane. Også dette har vorte underestimert. Det inneber at tundra i Alaska og Sibir og andre stader tinar, med det resultatet at store mengder CO2 og metan, som no ligg magasinert under telen, i staden kjem ut i atmosfæren. Dette er så å seie ikkje vurdert av panelet. Medan is og snø absorberte lite av solvarmen, vil havvatnet, når til dømes pol-isen minkar, absorbere meir av solstrålene, vatnet blir varma opp, og pålandsvindar vil føre varm luft inn over snø- og isdekt land, slik at meir tele tinar og snø smeltar.

Det handlar altså om vippepunkt eller tersklar, overgangen frå kulde- til varmegrader, frå is og snø til opne landskap og opne hav og om at jordvarme og varmare luft tinar telen, slik at magasinert metan og karbon kjem ut i lufta. Og det handlar om prosessar som forsterkar seg sjølve, at når frosen is og jord tinar, gjer det at lufttemperaturen stig, at oppvarminga skyt fart og at endå meir tinar. Desse prosessane er det uråd å måle eksakt føreåt, men det er råd å sjå hovudtrekk både i globale temperaturgrafar og gjennom stoveglas i søre Vats.

Olav Randen